Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Det norske Teatret 25 år av Olav Dalgard
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det norske Teatret 25 år
Denne spådommen har gått i oppfylling, men ikkje så snøgt som månge
hadde venta og vona. «Målteatret» steig fram med eit heilt nytt andlet i
norsk teaterhistorie, eit «bondeteater» som hadde ei aktuell og målmedveten
kulturoppgåve på programmet, — det var vel eit sersyn, og ikkje herre i
Noreg. Teatret har no ein gong i så månge hundreår vore byens kunst. Det
som kom frå folket i denne lei hadde i alle land mått finne seg i å bli
ned-vurdert som marknadsgøy og fjælebodsløier. Her gjorde ein teatertrupp av
folket krav på kunstnarleg jamstelling med dei kongelege hoffteater, som i
Noreg rett nok bare heitte Nationaltheatret. — Ein slik demokratisk
fram-støyt på området til «den store og hellige kunst» måtte sjølvsagt vekkje heit
indignasjon i visse kultiverte krinsar. Soga til Det norske Teatret er i første
10—20-åra ei soge om beisk kulturkamp, mellom by og land og mellom
over-og underklasse. I Noreg har desse motsetnadene fått ei sterk skjerping
gjen-nom den nasjonale frigjeringsstriden, som heldt fram på det kulturelle
området like uforsonleg etter 1905. Og Det norske Teatret vart ber ein
strids-fane, som fekk verknad langt ut over sin teatralske innsats.
Dette aktuelle kamphøvet måtte sette merke på heile leidinga av teatret.
Kvar première vart eit spörsmål om å vera eller ikkje vera, — ikkje bare for
teatret men for heile den nynorske kulturreisinga. Alle krefter måtte til
kvar tid vera spana til det ytste, god kunst skulde gjevast med unge
skode-spelarar som vanta systematisk skolering, og i eit godtsom udyrka scenemål.
I dei første åra hadde teatret sikkert sitt vissaste støde i den første
litterære rådgjevaren sin, Arne Garborg. Og det vart hans «Læraren» som i andre
sesongen gav teatret den første sterke posisjon som kunstnarleg nyskapar.
I denne framsyninga skapte Rasmus Rasmussen eit bondemiljø og ein
hovud-figur som ikkje kunde tenkjast på noko anna norsk teater. Og han førte denne
suksessen vidare året etter med «Varg i veum», det sermerkte sogespelet frå
vikingtida av Garborgs mest gåverike stridsbror i kulturkampen, Ivar
Mor-tensson Egnund. Med desse to sernorske framsyningane fann det nye teatret
fast kunstnarleg botn. Dei første famlande tak hadde gjeve resultat etter
ynske, og gav nytt mot.
Likevel var kanskje ikkje grunnleggjären, Hulda Garborg, heilt nøgd.
Det lio hadde streva etter med sin amatørtrupp var å skapa eit teater som
ikkje bare var bore av ordet, men i like stor monn av det plastiske element
i scenekunsten, som ho hadde freista få fram av og gjennom folkedansen.
118
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>