Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Det norske Teatret 25 år av Olav Dalgard
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det norske Teatret 25 år
Hulda Garborg: Liti Kersti 1933. Liti Kersti som Bergekongens brur
Regi: Hans Jacob Nilsen. Dekor: Ola Cornelius
kvart skilde teatret frå dei breie lag av folket. Feilen var at desse
forfatta-rane miste taket på den sunne sans og det friske folkehumor, at dei
degene-rerte i sine lettkjøpte suksessar, og gav seg gapskratten i väld. Denne
utvik-linga har, ikkje minst i Noreg, sett all folkekomedie i eit ljos som ingen
anstendig författar kunde nedlata seg til. Og det har teatret fått svi for. —
Eit godt undantak har Oskar Braaten vore med dei ålvorlege komediane frå
Oslo folkeliv «Ungen» og «Godvakker-Maren», som m. a. gav Mally Håland
høve til å utvikle sitt originale groteske komedietalent.
Denne andre bolken i historia til Det norske Teatret byd på mindre av
ålmenn interesse. Eit tegn på nedgangen er det jamne skiftet på teatersjefar.
Anton Heiberg hadde løyst av Rasmus Rasmussen, sidan fylgjer Edvard
Drabløs, Sigurd Eldegard, Amund Rydland og Ingjald Håland. Då den siste
tok over i 1922, vart det gjort ein energisk freistnad på å føre teatret inn på si
opphavlege kravstore line att. Fleire av dei første skodespelarane vart sanka
inn frå trupper og andre teater, nye talent strøymde til frå alle kantar av
landet. Si største kunstnarlege kraft fekk teatret med Agnes Mowinckel,
121
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>