Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Længsel - Gravøl. Av Sven Moren
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
357
etter mannen. Og borni etter henne, tagalle, med and*
liti gøymde i hendene. Berre den yngste, som sat paa
armen aat bestemor si, kava og vilde ned til borni hans
Olav, som framleis stod og studde seg upptil veggen,
stive som styttor.
Daa fylgjet kom ut att, skauv Hans borni sine
fyre seg.
«— So. No lyt de stad takka kameratane dykkar for
samværet,» sa han. Det var som dei smaa amerikafararane
seig saman yver ei sorg som ikkje aatte ord, og som livet
aldri kunde lækja. Med augo gøymde i hendene sjangla
dei fram til moldbenken og rette dei smaa nevane upp
til leike=brørne sine.
So var noko av det tyngste fraa*seg*gjort. Og Hans*
folki gjekk attende, lettare enn dei var komne. Men
det var ei som gjekk tyngre: den gamle bestemori. Ho
heldt enno den litle guten paa armen sin. Og dei smaa
hendene hans laag so trygt um den tunne nakken
hennar.
«Det var merkeleg!,» sa’n Per, «at ho ikkje gret
gamla ?»
«Aa ho har havt so mykje aa graata for fyrr, ho,» sa
Olav aalvorsamt.
Hestane vart fyri*spente. Og det vesle lik=fylgjet ordna
seg etter kista hans GamleJon. Olav kveikte atter pipa,
tok taumane og sette seg upp paa kisteloket. Der sat
han so trygt. Og soli skein i lyngkransane. Og bak
laag garden med ækror og rudningsland.
«Du har fine myrteigar der, Olav,» sa eg.
«Aa ja,» sa han, «den som hadde helsa og livedagar
til aa arbeida, so . . . . Men ein blir for gamall, ser du
- til slutt.»
«Men so har du mange gilde søner?»
«Det har eg au,» sa han og nikka mot det gamle
huset, der raud*brune barne*andlit stod som ein krans av
raune*bær under glasi.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>