- Project Runeberg -  Norges statskalender / 1935 /
41-42

Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Målformi i statstenesta.
Lov nr. 22 frå 6 juni 1930 (Lov um målbruk i statstenesta) lyder slik:
«8 1. Ved tilsetjing i embete eller statstenestepost som det krevst minst ar
tium eller lærarprøve eller onnor jamgod utdaning til, skal den tilsette, dersom han
er fødd etter 1 januar 1905, ha plikt på seg til å nytta liksovel nynorsk som bok
mål i skriftleg handsaming av saker som høyrer tenesta hans til, etter dei fyresegner
som er eller vert gjevne um målbruk i statstenesta.
Kjem det upp tvil um ein tenestepost går inn under fyresegni i fyrste leden,
vert tvilsmålet å avgjera av det departementet som posten høyrer under.
& 2. Kongen kann gjeva nærmare fyresegner um i kor stort umfang dei tvo
målformene nynorsk og bokmål vert å nytta i statstenesta.
$ 3. Denne lovi tek til å gielda den 1 januar 1931.»
I samhøve med 8 2 i denne lovi er det ved kgl. res. 29 jan. 1932 fastsett desse
nærmare fyresegner: ; ;
<1. Øvste styraren for eit statskontor avgier kva mål kontoret til vanleg skal
nytta i tenesta si, so langt han ikkje er bunden av lov eller fyresegner som vert
gjevne i samheve med lov.
2, Hev eit herads- eller bystyre gjort vedtak med krav på visst tenestemål i
vedskifte med statskontor, skal alle statskontor som heradet eller byen soknar til,
og alle statskontor med tenestekrins innanfor heradet eller byen nytta det målet
som er kravt, i prenta rundskriv, fyrerit, uppslag, kunngjeringar og formfast vedskifte
elles med tenestemakter og folk i heradet eller byen og sameleis mest mogeleg i
onnor skriftleg sakfyrehaving som kjem tenestemakter i heradet eller byen ved.
Dersom dei faktiske tilhove forer med seg at eit statskontor ikkje straks kann
gjenomfera dette utan munaleg auka utgifter for det offentlege, kann kvart einskilt
departement til so lenge gjeva dispensasjon frå fyresegnene i dette punktet.
3. Hev fleirtalet av herad og byar innan tenestekrinsen for eit statskontor
gjort vedtak som nemnt i punkt 2, skal kontoret fylgja tilsvarande fyresegner for
heile tenestekrinsen sin.
4. Krev nokon serskilt for seg visst tenestemål i ei pliktig teneste av eit stats
kontor, skal kontoret stetta kravet når det ligg fyre formular, fyrerit eller formfast
tilfang elles til den tenesta det er spursmål um. Statskontor skal vanleg svara på
brev frå einskildmann i same målet som einskildmannen sjølv hev nytta.
5. Kvart regjeringsdepartement for seg gjev utfyllande fyresegner for dei ulike
tenestegreinene sine til å gjera lovi fullverkande og fører tilsyn med at fyresegnene
vert fylgde. Dessutan ligg det til kvart departement å syta for:
a. At statskontor hev fyrerit på båe mål til formfast vedskifte i samhøve med
punkt 2—24.
b. At prenta rundskriv, uppslag og kunngjeringar som vert laga under eit for heile
landet, vanleg vert gjevne ut på båe mål soleis at kvar tenestekrins kann få
dei på det mål som er fastsett for kvar stad. Når det ikkje fell lagleg å gjeva
ut same tingen på båe mål, kann sumt gjevast ut berre på det eine og sumt
berre på det andre målet alt etter som det høver, men likevel soleis at det
vert rimeleg samhøve i mengd på båe mål.
c. Åt sentralstyrekontor i skriftleg hopehav med folk og lokale styremakter fylgier
dei fyresegner som er gjevne i punkt 2—4.
6. Justisdepartementet fører liste over herads- og bystyrevedtak etter punkt
2, kunngjer dei i Lovtidende og sender melding til dei andre departement.»
Av merke ved dei einskilde herads- og bynamn i dei alfabetiske listone på s.
1213 og 1221 vil ein sjå kva herads- og bystyre det er som til utgangen av året 1933
hev gjort vedtak som nemnt i punkt 2 i resolusjonen, og kva kommunar det er
som kann reknast som språkleg neytrale, avdi dei ikkje hev gjort sovore vedtak.
41 Målformi i statstenesta. 42

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:19:55 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norkal/1935/0083.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free