- Project Runeberg -  Norges statskalender / 1947 /
39-40

Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Målforma i statstenesta

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Målforma i statstenesta.
Lov nr. 22 frå 6 juni 1930 (Lov om målbruk i statstenesta) lyder slik:
«8 1. Ved tilsetjing i embete eller statstenestepost som det krevst minst ar
tium eller lærarprøve eller onnor jamgod utdaning til, skal den tilsette, dersom han
er fødd etter 1 januar 1905, ha plikt på seg til å nytta liksåvel nynorsk som bok
mål i skriftleg handsaming av saker som høyrer tenesta hans til, etter dei føresegner
som er eller vert gjevne om målbruk i statstenesta.
Kjem det opp tvil om ein tenestepost går inn under føresegna i fyrste leden,
vert tvilsmålet å avgjera av det departementet som posten høyrer under.
$ 2. Kongen kan gjeva nærmare føresegner om i kor stort omfang dei tvo
målformene — nynorsk og bokmål — vert å nytta i statstenesta.
$ 3. Denne lova tek til å gjelda 1 januar 1931.>
I samhøve med $ 2 i denne lova er det ved kgl. res. 29 jan. 1932 fastsett desse
nærmare føresegner: :
<1. Øvste siyraren for eit statskontor avgier kva mål kontoret til vanleg skal
nytta i tenesta si, så langt han ikkje er bunden av lov eller føresegner som vert
gjevne i samheve med lov.
2. Har eit herads- eller bystyre gjort vedtak med krav på visst tenestemål i
vedskifte med statskontor, skal alle statskontor som heradet eller byen soknar til,
og alle statskontor med tenestekrins innanfor heradet eiler byen nytta det målet
som er kravt i prenta rundskriv, førerit, oppslag, kunngjeringar og formfast vedskifte
elles med tenestemakter og folk i heradet eller byen og sameleis mest mogeleg i
onnor skriftleg sakførehaving som kjem tenestemakter i heradet eller byen ved.
Dersom dei faktiske tilhøve fører med seg at eit statskontor ikkje straks kan
gjennomfora dette utan monaleg auka utgifter for det offentlege, kan kvart einskilt
departement til så lenge gjeva dispensasjon frå feresegnene i dette punktet.
3. Har fleirtalet av herad og byar innan tenestekrinsen for eit statskontor
gjort vedtak som nemnt i punkt 2, skal kontoret fylgja tilsvarande føresegner for
heile tenestekrinsen sin.
4. Krev nokon serskilt for seg visst tenestemål iei pliktig teneste av eit stats
kontor, skal kontoret stetta kravet når det ligg føre formular, førerit eller formfast
tilfang elles til den tenesta det er spørsmål om. Statskontor skal vanleg svara på
brev frå einskildmann i same målet som einskildmannen sjølv har nytta.
5. Kvart regjeringsdepartement for seg gjev utfyllande føresegner for dei ulike
tenestegreinene sine til å gjera lova fullverkande og fører tilsyn med at føresegnene
vert fylgde Dessutan ligg det til kvart departement å syta for:
a. At statskontor har førerit på båe mål til formfast vedskifte i samhøve med
punkt 2—4.
b. At prenta rundskriv, oppslag og kunngjeringar som vert laga under eit for heile
landet, vanleg vert gjevne ut på båe mål såleis at kvar tenestekrins kan få
dei på det mål som er fastsett for kvar stad. Når det ikkje fell lagleg å gjeva
ut same tingen på båe må!, kann sumt gjevast ut berre på det eine og sumt
. berre på det andre målet alt etter som det høver, men likevel såleis at det
vert rimeleg samhøve i mengd på båe mål.
c. Åt sentralstyrekontor i skriftleg hopehav med folk og lokale styremakter fylgjer
dei føresegner som er gjevne i punkt 2—4.
6. Justisdepartementet fører liste over herads- og bystyrevedtak etter punkt 2,
kunngjer dei i Lovtidend og sender melding til dei andre departement.»
Av merke ved dei einskilde herads- og bynamn i dei alfabetiske listene bakerst
i boka vil ein sjå kva herads- og bystyre det er som til utgangen av året 1945 har
gjort vedtak som nemnt i punkt 2 i resolusjonen, og kva kommunar det er som
kan reknast som språkleg nøytrale, av di dei ikkje har gjort såvore vedtak.
39 Målforma i statstenesta. 40

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 21:00:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norkal/1947/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free