Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Målbruk i statstenesta
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Målbruk i statstenesta.
Lov nr. 22 frå 6. juni 1930:
$ 1. Ved tilsetjing i embete eller statstenestepost som det krevst minst ar
tium eller lærarprøve eller onnor jamgod utdaning til, skal den tilsette, dersom han
er fødd etter 1 januar 1905, ha plikt på seg til å nytta liksåvel nynorsk som bok
mål i skriftleg handsaming av saker som høyrer tenesta hans til, etter dei føresegner
som er eller vert gjevne om målbruk i statstenesta.
Kjem det opp tvil om ein tenestepost går inn under føresegna i fyrste leden,
vert tvilsmålet å avgjera av det departementet som posten høyrer under.
$2. Kongen kan gjeva nærmare føresegner om i kor stort omfang dei tvo
målformene — nynorsk og bokmål — vert å nytta i statstenesta.
$ 3. Denne lova tek til å gjelda 1. januar 1931.
Kgl. res. 29. jan. 1932, jfr. 18. april 1947:
1. Øvste styraren for eit statskontor avgjer kva mål kontoret til vanleg skal
nytta i tenesta si, så langt han ikkje er bunden av lov eller føresegner som vert
gjevne i samhove med lov.
2. Har eit herads- eller bystyre gjort vedtak med krav på visst tenestemål i
vedskifte med statskontor, skal alle statskontor som heradet eller byen soknar til,
og alle statskontor med tenestekrins innanfor heradet eller byen nytta det målet
som er kravt i prenta rundskriv, førerit, oppslag, kunngjeringar og formfast vedskifte
elles med tenestemakter og folk
i heradet eller byen og sameleis mest mogeleg
i
onnor skriftleg sakførehaving som kjem tenestemakter i heradet eller byen ved.
Dersom dei faktiske tilhøve fører med seg at eit statskontor ikkje straks kan
gjennomføra dette utan monaleg auka utgifter for det offentlege, kan kvart einskilt
departement til så lenge gjeva dispensasjon frå føresegnene i dette punktet.
3. Har fleirtalet av herad og byar innan tenestekrinsen for eit statskontor
gjort vedtak som nemnt i punkt 2, skal kontoret fylgja tilsvarande føresegner for
heile tenestekrinsen sin.
4. Krev nokon serskilt for seg visst tenestemål iei pliktig teneste av eit stats
kontor, skal kontoret stetta kravet når det ligg føre formular, førerit eller formfast
tilfang elles til den tenesta det er spørsmål om. Statskontor skal vanleg svara på
brev frå einskildmann i same målet som einskildmannen sjølv har nytta.
5. Kvart regjeringsdepartement for seg gjev utfyllande føresegner for dei ulike
tenestegreinene sine til å gjera lova fullverkande og fører tilsyn med at føresegnene
vert fylgde. Dessutan ligg det til kvart departement å syta for:
a. At statskontor har førerit på båe mål til formfast vedskifte i samhøve med
punkt 2—4.
b. At prenta rundskriv, oppslag og kunngjeringar som vert laga under eitt for heile
landet, vanleg vert gjevne ut på båe mål såleis at kvar tenestekrins kan få
dei på det mål som er fastsett for kvar stad. Når det ikkje fell lagleg å gjeva
ut same tingen på båe mål, kann sumt gjevast ut berre på det eine og sumt
berre på det andre målet alt etter som det høver, men likevel såleis at det
vert rimeleg samhøve i mengd på båe mål. |
c. At sentralstyrekontor i skriftleg hopehav med folk og lokale styremakter fylgjer
dei føresegner som er gjevne i punkt 2—4.
6. Det ligg til Kyrkje- og undervisningsdepartementet å gje nærare føresegner
og rettleiing om målbruk i statstenesta, og vera til hjelp for andre regjeringsdeparte
ment med det tilsynet som er nemnt i pkt. 5.
Heradstyre og bystyre skal melda vedtak om målbruket etter pkt. 2 til
Kyrkje- og undervisningsdepartementet, som skal kunngjera dei i «Norsk Lovtidend»
og varsla dei andre departementa. Desse skal varsla vidare med påkravd rettleiing
til underlagde statskontor og gjev Kyrkje- og undervisningsdepartementet melding
om alle nemnande tiltak til å fremja måljamstellinga, kvar for seg og sitt.
Herads- og bystyrevedtak etter resp, pkt. 2 og 3, sjå s.
49 Målbruk i statstenesta. 50
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>