Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Maallæra - Setning - Ordklassor - Ljodlæra
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
i lag med seg, kallar me usjølvstøde gjerningsord: han er
stor. Slike ord er: vera, verta (bli, bi), heita, kallast.
§ 12. Adverb (utfyllingsord) er slike ord som
ofte vert aatlagde eigenskapsord og gjerningsord
og gjev deim ei viss vending i tydingi: baaten er
noko stor; han er svært stor. Guten skriv godt.
Merkn. Eit adverb kann ogso verta aatlagt eit anna
adverb: han gjekk ikkje langt.
§ 13. Præposisjonar (styreord) er dei ordi
som merkjer ut eit høve millom ymse ting: boki
ligg paa bordet; hunden ligg under bordet,
lampen heng yver bordet. Han er reist til Amerika.
§ 14. Bindeord (konjunksjonar) er dei ordi
som bind saman ord eller setningar: sol og maane.
Det gode gjerest medan det vonde gjeng.
§ 15. Utropsord (interjeksjonar) er slike ord
som berre vert bruka i utrop: au! aa hei, aahaa!
Merkn. Adverb, præposisjonar, bindeord og utropsord
kallar me med eit namn smaaord (partiklar).
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V X Y Z Æ Ø Aa
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v x y z æ ø aa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>