Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Svevntjuven
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
18
Eg lyt vita det. Eg må firma henne og
binda henne.
Eg må skoda inn i den myrke hola,
der som ei bergsikla droplar millom koppul
og døkkleitte steinar.
Eg må leita i syvjuge skuggar i bakula
lunden, der som duvone kurrar i kråi si
og okle-ringane på huldrene tinklar i stille
stjernenetter.
Um kvelden vil eg titta inn i bambus
skogen med si kviskrande stilla og med
eldflugor som skeiner ljoset sitt, og kvar
skapnad eg møter vil eg spyrja: „Karm
einkvan segja meg kvar svevntjuven held
til?"
Kven stal svevnen frå augo åt veslegut?
Eg lyt vita det.
Læra henne skulde eg sanneleg, so sant
eg berre fekk fat i henne.
Eg skulde herja hola hennar og sjå kvar
ho samlar upp all stolen svevn.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>