Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Champa-blomen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
36
CHAMPA-BLOMEN.
Seg at eg vart ein champa-blom, berre
for moro, og voks på ei grein høgt upp i
det treet der, og lo so eg huska i vinden,
og dansa på nysprungne blad, kom du til
å kjenna meg då, mor?
Du kom til å ropa: «Veslegut, kvar er
du?" Og eg vilde læ med meg sjølv og
vera radt roleg.
Løynleg vilde eg opna krunbladi mine
og sjå på når du arbeidde.
Og når du hadde lauga deg og gjekk
med våte håret ditt utslege yver herdane
i skuggen av champa-treet og etla deg til
den hola der du bed bønene dine, då vilde
du kjenna angen av blomen, men ikkje
vita at han kom ifrå meg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>