- Project Runeberg -  Nymánen /
39

(1919) [MARC] Author: Rabindranath Tagore Translator: Lars Eskeland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Alveland

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

39
Ho hev ringar um armane og perlor
hangande i øyro: håret hennar rekk ned
etter golvet.
Ho vaknar når eg rører henne med
ynskjestaven min, og glimsteinar fell frå
lippone hennar når ho smiler.
Men lat meg få kviskra deg inn i øyra,
mor: ho er der i kråi på svali vår, der
som krukka med tulsi-blomen står.
Med same du no skal gå og lauga deg i
clvi, so stig upp på denne tak-svali.
Eg sit i kråi, der som skuggane av
veggjene møtest.
Berre pusekatt hev lov til å vera med meg,
for han veit kvar barberen i eventyret bur.
Men lat meg få kviskra det inn i øyra
ditt, mor, kvar barberen i eventyret bur.
Det er i kråi på svali, der som krukka
med tulsi-blomen står.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:29:42 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nymanen/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free