Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hi sida
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
51
der kjem det flokkar med vill-ender når
regntidi er umme, og det veks tett røyr
frammed kantane der vatsfuglane verp;
der fer det snipor med vippande vele
og set sine ørsmåe fotefar i reine mjuke
evja;
det høge graset der med kvit-blomster
i toppen bed månestrålen vogga seg når det
bylgjar i kveldsvinden.
Mor, dersom du ikkje mislikar det, so
vilde eg gjerne verta føringsmann på ferja
når eg er vaksen.
Eg vil ro att og fram frå eine sida til
hi, og alle gutar og gjentor i landsbyen
kjem til å sjå på meg med undrande augo,
når dei laugar seg.
Når soli stig høgst på himmelen og
morgonen lid til middags, då kjem eg
springande til deg og segjer: „Mor, eg er
svolten."
Når dagen er liden og skuggane søkk sa
man under trei, kjem eg att i skymringi.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>