- Project Runeberg -  Nymánen /
57

(1919) [MARC] Author: Rabindranath Tagore Translator: Lars Eskeland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Samhug

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

57
SAMHUG.
Um eg var berre ein liten kvelp og
ikkje vesleguten din, snilde mor mi, vilde
du då segja nei til meg, dersom eg freista
å eta or ditt fat?
Vilde du jaga meg av og segja til meg:
„Gå vekk med deg, din stygge litle hunds
unge!"
So gå din veg, mor, gå! Eg skal aldri
koma til deg meir når du ropar på meg,
og aldri fær du mata meg meir!
Um eg var berre ein liten grøn papegøy
og ikkje vesleguten din, snilde mor mi,
vilde du då ha meg bunden, so eg ikkje
skulde røma av?
Vilde du hytta med fingren åt meg og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:29:42 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nymanen/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free