- Project Runeberg -  Nymánen /
74

(1919) [MARC] Author: Rabindranath Tagore Translator: Lars Eskeland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kjempa

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

74
Dei set i med eit øgjelegt yl ein gong
til og ruser frametter.
Du grip meg i handi og segjer: „ Kjære
guten min, for Guds skuld hald deg burte
frå dei!"
Eg segjer: „Mor, no skal du berre sjå
meg."
So sporar eg hesten min til tanande
langtråv, og sverdet mitt og skjolden klaksar
imot einannan.
Striden vert so fælsleg, mor, at det vilde
fara ein frostskjelte gjenom deg, um du
kunde sjå det frå berestolen din.
Mange lyt fly, og ei stor mengd vert
hogne i stykke.
Eg veit du tenkjer der du sit radt åleme,
at guten din må vera død i den stundi.
Men eg kjem til deg blodut yver heile
kroppen og segjer: „Mor, striden er yver
no."
Du stig ut og kysser meg og trykkjer

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:29:42 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nymanen/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free