Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Andra häftet - Jørgen Bukdahl. En danskes syn på norsk og nordisk kultur. Av Johs. A. Dale
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
J o h s. A. Dale
stor del av sitt verk nett vil avdekkje den
ukuelege, irrasjonelle makta som ligg i det
vi kallar det nasjonale, som peika innover,
mot rase, mot folkemystikk. Det syntest for
Bukdahl som Kinck aldri hadde skrive om
anna enn nett dei spørsmål han sjølv var
heitast oppteken med, og han vart ein nokså
ukritisk (seinare meir kritisk) Kinck-beundrar.
»Han besatte mig som en Rus i disse Aar.»
Men varigare og djupare enn Kinck kom
Arne Garborg til å verke. Garborg var ein
mann med uvanleg sterke konfliktar og
mot-setningar i seg, ein spottar og ein truande,
ein polemikar og forkynnar, ein heimkjær
jærbu og ein vidsynt europear. Han er ein
större forståar enn Kinck, han forstår t. eks.
også det religiøse. Bukdahl seier at han alltid
søkte og fann balanse. Med balansen var det
ofte så som så; ein kan kanskje våge det
paradokset, at det som heldt han i jamvekt,
var dei børene, han bar. Jamvel dei tyngste
spørsmål tok han opp, tenkte dei igjennom,
stridde seg igjennom. Dette har Bukdahl sett,
og han har ofte understreka det, serleg etter
at Garborgs dagbøker kom ut. Den nasjonale
kulturreisinga vart ei livsoppgåve for
Garborg, men jamvel denne saka gjennomtvila
han, for å tala med Bukdahl. For han var
det nasjonale ikkje bjølleklang og lurlåt,
heller ikkje 17de-m.ai-stem.ning; det var
slitsam k vardag.
Garborg vart for Bukdahl inngangsdøra til
dei norske dalkulturane og den litteraturen
som er utsprungen av desse. Han las i dei
første tjueåra mengder av norsk dikting etter
1880, også bøker av forfattarar som elles var
ukjende utanför Noregs grenser og ikkje
altfor kjende innanför. Og i 1924 gav han ut
»Norsk national Kunst». Han vil der gje eit
litterært bilete av Noreg, serleg den delen
som ikkje er representert i »felleskulturen»,
vise korleis det nasjonale har kome til orde
i nyare norsk dikting. Hovudinteressa er
samla om Kinck og Garborg, med Hamsun
og Ragnhild Jølsen på den eine sida, Olav
Duun og Kristofer Uppdal på den andre.
Boka har undertitelen »Litterære Essays»,
ho har inga serleg fast støyping, ho vart lesen
og omtala og for det meste rost som ei
ånd-full og interessant innføring i visse delar av
norsk dikting, heilt framifrå for å vera
skriven av ein ikkje-nordmann. Men linene i
verket hadde sume vändt for å finne, i dette
tidskriftet kalla Charles Kent biletet for
»diffust» (1926, s. 229). At det låg eitslags
program attom, skjøna likevel månge. Og dei
spurde: Kva meiner mannen eigenleg?
Bukdahl svara først i ein lang artikkel i
»Samtiden» (1925), og året etter svara han
endå grundigare i boka »Det skjulte Norge».
-— Det han meinte, var i hovudsak dette:
Den norske rikskulturen, som var grunnlagd
av Heilag-Olav, døydde ikkje ut då dansk
mål og dansk kultur — stundom med väld —
tok herredømet i landet. Han vart trengd
unna til dalane, fjordbygdene, men levde der
vidare sitt anonyme liv inntil Ivar Aasens
verk i det 19de hundreåret atter gav han
levevilkår. »Dets skriftløse Aandsliv er den
ubrudte Tusindaarslinie i Landets Historie,
Her gives ikke døde Aarhundreder. Da
Olavs-riget brast i sin ydre Struktur levede det
videre i Folkets Sind og dets anonyme
Aandsliv, i Dalene, langs Fjordene, paa Fjældet.
Under Dansketiden og Fælleslitteraturen blev
her Sammenhængen i norsk Aandsliv bevaret,
lukket inde mellem Fjælde, lukket ude fra
det dansk-norske Kulturmilieu.» Her vart
store evner gåande utan å kunna utfalde seg,
dei grov sin draum og dåd inn i utskurd og
rosemåling, spela sin lengt og sine syner inn
i feleslåttar — som Skjåk-Ola i
Gudbrandsdalen, som Ola Mosafinn på Voss. — Det
Bukdahl i sitt verk har vilja skildre, er då serleg
utgreiningane av og uttrykksformene for
denne sprengde rikskulturen som no atter
har fått mål og mæle og kanskje vilkår for å
gro saman til ein einskap att.
Det er over lag vanskelege historiske og
folkepsykologiske område Bukdahl her er
inne på; og det er ofte grunn til tvil eller
inn-vendingar. Ein kan t. eks. spørja om det i det
heile fanst nokon einslaga norsk rikskultur i
sagatida. Var ikkje alle kulturmanifestasjoner
på ein eller annan måte lokalmerkte? Og var
bygdelaga i dansketida så reint avstengde
frå einannan? Moderne norsk
historiegransk-ing meiner at sambandet var etter måten
livleg, og det kulturelle utbytet ikkje rådt
lite. Og godtek ein teorien om rikskulturen,
så må det skiljast mellom utgreiningar av den
og ein lokal almugekultur som sjølvsagt finst
i Noreg som i andre siviliserte land. Bukdahl
meiner at eit godt instinkt gjev brukeleg
rettleiing her. Han dreg så strenge
konse-kvensar av teorien sin at han seier det ikkje
finst dialektar i vanleg meining i Noreg,
berre utgreiningar av eit eldre riksspråk. Ei
sjølvmotseiing synest det då vera når han
seier det ikkje finst nokon litteratur på lands-
100
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>