- Project Runeberg -  Ord och Bild / Femtiosjunde årgången. 1948 /
467

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tolfte häftet - Kristofer Uppdal. Ein norsk arbeidardiktar. Av Rolv Thesen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kristofer U p p d al

grunnfjellet. Og samstundes er han hudsår
som eit barn mot den minste urett. Alltid
er han på vandring, uroleg i sin hug, heit i
sin bloddrope-trallande erotikk, veldig i
arbeid som i slagsmål, »renhårig» kar og
ærleg. Han byggjer landet der han fer fram,
legg jernvegar og tjuvåkar på dei, reiser
fabrikkar. Men kongeleg raust går han frå
alt han har skapt. For det er sjølve skapinga
som har størst verd for han, ikkje det
skapte. Derför er livet hans — står det —
eit liv i diktande bygg. Han er på sin måte
noko av ein kunstnar, og ikkje minst ein
livskunstnar. Pengar strør han kring seg,
aldri blir han sitj ande fast i døde —
materielle — ting. Han er sjølve mennesket,
opphavleg og ekte, i godt som i vondt,
sterk og storlina i både det eine og det
andre.

»Dansen gjenom skuggeheimen» er ikkje
mindre enn ti band.

Diktaren har sjølv, i forordet til siste
bandet, sagt frå om kva rad og rekkjefylgje
ein skal lesa dei i, og om kva hovudmotivet
er i kvart einskilt band. Første bandet —
»Stigeren» — skildrar menneske som kjem
fram or natt og mørker, »Trolldom» i lufta»
fortel om sjølvbergingsdrifta, »Vandringa»
om lausrivinga frå jorda, »Kongen» om
kreftene i folkedjupet, og så vidare til siste
bandet — »Herdsla» — som skildrar geniet
og skulle vera tårnet på verket. — Ja, for
denne stort planlagde romanserien er tenkt
som eit byggverk, eit tempel, med skip og
tverrskip, derför har diktaren bygd på det
både frå sidene og etter lengda, skiftevis.
Eldste delen er »Vandringa» — om dei som
har rivi seg laus frå jorda; av dette bandet
kom det alt i 1910 nokre brotstykke med
titelen »Ved Akerselva». Men det bandet
som først vart heilt ferdig, er det bandet
som ber same titelen som heile romanserien.
(Det kom ut i 1911 og er omsett til svensk.)

I dette bandet med titelen »Dansen
gjenom skuggeheimen», er det også eit
kapitel med same namnet. Og der er vi lik-

som ved utgangspunktet og kan sjå
programmet for heile verket. Der møter vi
Sjugur Rambern — ein rallar- og
kunstnar-type, som i fantasien ser framtida for seg, —
ser arbeidarane som vandrar i flokkar frå
arbeidsstad til arbeidsstad, busserull-kledde
og skinnbuks-kledde. Her er det liksom ein
opplever diktaren i den stund då han fekk
inspirasjonen til det store verket om dansen
gjennom skuggeheimen.

Men den opphavlege rallartypen har
Kristofer Uppdal aller best skildra i
»Kongen». Der vandrar rallaren livs levande
omkring som »Suliskongen», i alt sitt veide
og med alle sine sermerke. Ein herleg type.
Suveren i alt han gjer. Og når ein tenkjer
på denne typen, kan ein godt forstå at
Hans E. Kinck var så oppglødd for Kristofer
Uppdals dikting. For »kongen» er ikkje lite
av eit renessansemenneske i sitt lynde.
Denne rallaren har i alle fall — som så
månge av Kristofer Uppdals folk — den
trong og evne til livsutfalding som Kinck
elska, og som han gong på gong kjem
til-bake til. Han dyrka vitaliteten, ja
vitaliteten var noko av hans livssyn. (Jfr hans
syn på mennesket i »Rormanden overbord».)

For få år sidan fekk »Kongen» den æra
å koma med i ein svensk serie
arbeidar-dikting frå heile Europa, ja frå Amerika
med. Der vart då Kristofer Uppdal sessa
saman med diktarbrør som Zola, Gorki,
Jack London, Steinbeck o. fl.

Gorki ja. Av alle arbeidardiktarar i heile
verda er det truleg Gorki som har hatt mest
å seia for Kristofer Uppdals dikting. Som
Gorki har hans norske diktarbror den
usvikelege sansen for alt det som lever og
rører seg på folkedjupet, for det primitive
sjeleliv. Og ikkje minst kjem dette fram i
»Kongen», som diktaren sjølv beint fram
seier skildrar kreftene i folkedjupet. At
denne romanen har fått vera i fred for både
filmfolk og teaterfolk, er meir enn merkeleg.

I dei siste band av verket kjem diktaren
meir og meir inn på den fagorganiserte ar-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 14:11:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1948/0515.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free