- Project Runeberg -  Grundtvig /
6

(1925) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

berre i 70-åra, då han skreiv det dikt som her er
nemnt, at han såg upp til Grundtvig som ein av
dei st0rste ånder dei nordiske folk har fostra. I
arbeidsromet sitt på Aulestad hadde han millom
anna ståande byster av Goethe og Grundtvig, og
han bruka å segje til framande, som kom til han:
«Goethe og Grundtvig er mit vsesens to poler.»

Grundtvig har sett so sterke merke både på si
samtid og ettertid, at dei aldri kann verte utsletta.
Dette er både veneri og motstandarar no samde
um. Georg Brandes, som so visst ikkje har vore
freista til å setje Grundtvig for h0gt, sa for ikkje
so mange år sidan (i ei tale i Sor0 15/6 1902):
«Grundtvigs livsverk er en av de hj0rnestene, på
hvilke det Danmark, som nu består, er bygget.» —
Ein la;rd tyskar, som har studert både dansk
ånds-liv og nseringsliv, har nyleg skrive ei stor bok um
Grundtvigs st0rste livsverk og segjer her, at utan
Grundtvig var det no rimelegvis ingen dansk
kultur til. Han var ein av desse store, som peikar
på framtidsmål, som dei komande aetter treng
fleire hundradår for å arbeide seg fram til.
Fram-gangsvegen til slik ein mann er det vel verdt å
fylgje. Han har havt, har og kjem til å få mykje
å segje for det norske folk ög. Ånder av hans rang
h0yrer ikkje berre sitt eige folk til.

Nikolai Frederik Severin
Grundtvig var f0dd 8de september 1783 i Udby, ein
lands-by s0rpå i Sjaelland. Faren, Johan Ottosen
Grundtvig, var prest i Udby og 0rslev attmed
Vordingborg. Mora hans, Kathrine Marie
Bang, h0yrde ög til ei gamal h0gvyrd prestesett.
Ho hadde ei yngre syster som var mor til H e n r i k
Steffens. Grundtvig fekk namn etter bisp N
i-colai Edinger Balle og kona hans
Frede-rikke Severine, ei syster til Johan
Grundtvig.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 16:36:05 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/rsgrundt/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free