- Project Runeberg -  Grundtvig /
29

(1925) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ten ein ser diktinga hans frå den kristelege eller
reint menneskjelege sida. Det var ikkje berre um
den himmelske kjserleik han song, men um den
jordiske ög, so S0ren Kierkegaard kalla honom «en
poetisk Kirsten Giftekniv».

Hans Brun fortel i si store bok um Grundtvig
m. a. dette:

Ei dotter av presten G. Busck budde lenge hjå
Grundtvig etter faren var d0d. Ein dag spurde ho
den gamle diktar: «Frygter du D0den?» «Frygter
gj0r jeg just ikke,» sa han, «men,» la han til med
djupt ålvor og såg på henne — «det er en Fiende.»
Dette syn på d0den finn vi att i mange av salmans
hans. Han elskar livet og hatar dauden og alt som
vil 0yde livsmaktene i menneskjelivet.

«Mens Graven kastes, Vuggen gynger
og Liv udsletter Dådens Spor,
saa altid sig igjen forynger
hver sedel Slsegt i Syd og Nord,
og Mindet som Guds Miskundhed
forplanter sig i tusen Led.»

Det er vel ingen salmediktar som har sungc um
sigeren over d0den som Grundtvig i
«Paaskemor-gen, — slukker Sorgen, — slukker Sorgen til evig
Tid.»

Alt formar seg for Grundtvig til store syner, og
det som skaldeauga hans såg, har han fortalt i alle
dei b0ker han har skrive. Det er på lag 100, og
so dertil ei mengd med bladstykke. Det er
lyriske dikt, mytologiske granskingar, drama,
pedagogiske og politiske avhandlingar og utgreidingar,
folkelege föredrag, preiker, songar og salmar. Han
var ei vidfemnd ånd, som kjende seg heime i alt
åndslivet. — Det er 0rna med dei sterke,
brusande vengeslag, den h0ge flukt, det vide syn
tilbake i fyrrtida med dei store, uklåre draumar,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 16:36:05 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/rsgrundt/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free