- Project Runeberg -  Grundtvig /
36

(1925) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

denne tankegang: Den gamle romerske og greske
kulturen er grunnlaget for den europeiske i det
heile. Til sann kultur og ekte daning h0yrer difor
kjennskap til gresk og latin — ikkje herre gresk
og romersk ånds- og samfundsliv på saíne máten
som ein kjenner j0disk, arabisk og egyptisk o. s.
b., men soléis, at ein laerer målet åt dei gamle
kulturfolka. Å kunne latin var merke på ein dana
mann. Den katolske kyrkja sette ög latin h0gre
enn morsmålet. I latinskulen dreiv dei soléis på
med alt dette gamle, so dei gl0ymde meir eller
mindre si eiga tid. Ikkje minst var det tilfelle i
vårt land. Dei som vart studentar frå latinskulen
kunde soléis ha svsert god greide på kva ein
romersk praetor hadde å gjere, men visste ikkje kva
skilnad det var paa ein fut og ein skrivar, kjende
ikkje til kva eit kommunestyre var. Dei kunde
på fingrane reglane for det; latinske målet, men
fekk ingen ting vite um lovene for det målet, som
dei norske b0ndene, fleirtalet av det norske folk,
tala.

Dette å gjere latin til vilkår for åndsliv og
daning kunde gå so lenge tankegangen var den, at
det plent måtte vere tvo klasser: Dei dana på den
eine sida, dei udana på den andre. Men so kom
den demokratiske tanken med spursmålet: «Er
lyset for de laerde blot?»

Fyrste gong Grundtvig kjem inn på desse
spurs-måla for ålvor og gjev sine skuletankar ei klår
form, er i eit forord til «Nordens Mythologie
C1832). Han skil millom Iserdom og daning. Den
fyrste er for dei få, som har sereigne evner, den
siste har alle rett til.

«Vi maa indsee, at Laerdom er eet, og Dannelse
og Duelighed for Livet, det menneskelige og
borgerlige, er et andet, begge Dele lader sig vel
for-ene, men ikke hos Maengden, og de maa ingen-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 16:36:05 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/rsgrundt/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free