- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
8

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

emne — og sette seg te rettes med peisen, paa denne
sida ved døra. Han Lars Haagaa som var snikkaren
vaar, kom i kveld med ein skogsslede dei hadde køyrt
sund, skulde vøle den. Han laut lenger inn i stugu han,
inn paa inste golvet, og ha eit talgljos for seg sjølv.

Men paa andre sida aat peisen, den som snudde mot
kammersdør’n hennar mor, der sat gjentone og spann —
saag taa peisvarmen dei ög. Dei hadde „lagjé“, skulde
spinne upp so og so mange besmarpund, ull, hamp og
lin te vaars. For daa skulde gaanet rennast te vev og bli
te klæde aat deim og oss og heile huset. Dei smurde
rokkane med fint leggjefritt og trødde lett, og song attaat.

Der sit han Johan Ulveng, skomakaren vaar, ved ein
brei benk med eit tjukt talgljos for seg sjølv; han driv
paa dag og kveld, gjer sko aat oss alle.

Han kunde gjera dansarstøvlar au han Johan —
finaste kalv med safians skinn øvst paa skaftom, brent ler
millom solom, so dei riksa og skreik — soleis som
mo-ten sa dei skulde. Men — „det kosta vera kar“ — for
slike tok han ein halv dalar (2 kr.). Vi smaagutane laut
no fint vente. — Men vi rekna aara og stunda fram,
vi au.

Te kvardags sleit vi beksaum — som han Johan tok
8 skilling (27 øre) paret for. Og endaa so tjyrusmurde han
alle huder og skinn som han gjorde upp, attpaa. Aat
gjentom gjorde han laage randsko naar det skulde vera
lett og fint, te kyrkje og te dans; elles var det beksaum
aat deim au. — Pluggasko var endaa finare; men dei
var seine aa gjera, han laut laga te pluggane sjølv. Daa
saga han upp trinsor taa hardbjørk, tjukke som
kaku-skivor, kløyvde og kveste deim med kniv, og karva deim
so upp te plugg. Aldri saag eg han gjorde høge
snor-støvlar, slike som byfolket brukte. Det tykte folk var
vettlaust, aa klæ leggjene med ler; det tok altfor mykje
vyrkje.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free