- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
20

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ingor rettleiding som vi skyna oss paa aa bruke den
gongen. Han sa nok vi skulde umvende oss; utan gjekk
det nord og ned med oss. Og det visste vi alt for godt.
Men kvar skulde vi av? Vi fekk ikkje dette til, paa
no-kon maate, kor gjerne vi kunde ynskje det. Eg gret ei
heil natt over mi synd, og tenkte at no maatte daa Gud
hjelpe meg. For Breien hadde stødt sagt at vi greidde
det ikkje sjølve. Men dagen etter vart eg verre og ikkje
betre, sur og sint og hard. Var ikkje eingong rædd
helvete; trudde ikkje Gud vilde meg so vondt, naar alt kom
til alt.

Det gjekk so med fleire; dei freista og fekk det ikkje
til. Daa var det ein sundag, Breien hadde fordømt oss
att, daa slo vi oss saman til eit stort samlag, so vi skulde
bli sterke. For leva vilde vi; kunde vi ikkje leva paa
hans maate, fekk vi leva paa vaar eigen. Han hadde alt
skræmt fraa oss nokre av dei veikaste, og folk torde
mest ikkje la oss faa danse meir. Sjølvaste
„sjølv-presten" hadde lote bøygt seg, og gjeve upp barneballet,
det herlegaste av alt vi visste. Kvar vilde dette ende til
slutt. Skulde vi gaa stad og drepa oss?

Ja vi skreiv lover og organisera oss. Eg kan ikkje
la vera aa skrive av fyrste §en, eg har han i kladd endaa.
Han syner oss fram so heilt slike vi var den gongen;
for vi tvo som hadde laga han fekk stormklapp, daa han
vart upplesen og samrøystes vedteken:

§ 1. Samlagets formaal er:

a) at værne om ungdommens hellige ret til at leve livet med glæde,
og til frit at udfolde de af Gud nedlagte kræfter, til gavn for
samfund og fædreland.

b) at modarbeide og bekjæmpe alle skadelige indflydelser fra en
livs-fiendsk, pietistisk aandsretning, der mer og mer griber om sig og
truer med at ødelægge alt sundt ungdomsliv.

c) ved afholdelse af regelmæssige møder med ordskifte og et
haand-skrevet blad, ved festlige sammenkomster med leg og dans,
afholdelse af præmie-skirend og deslige, at søge udvikling og næring
for baade aandelige og legemlige sider av vort ungdomsliv.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free