- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
24

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

paa Sel. Um sumaren var eg heime paa farsgarden og
arbeidde.

Men daa hausten kom, vart eg so tungsint. Og dette
seig paa meir og meir. Eg hadde aldri vore nokon snild
gut heime, korje mot far eller mor eller systkena mine;
og dette vart verre og ikkje betre etter eg kom att fraa
Sel. Daa vart det so gale ein dag, at far og mor sa eg
var den leidaste taa alle saman. Eg fekk reise kvar eg
vilde, heime kunde dei ikkje ha meg lenger. Eg laag
vaken ei heil natt. For dette var i grunnen so sant.
Men kvar vart det daa av sol og sumar i mi framtid?
Daa steig Bruun fram, sterkare og sterkare. Det hadde
han sagt, og det hadde han sagt — det var so
forunderleg kor eg kunde hugsa sumt [han hadde sagt no.
Ein gong hadde han tala um det 4de bodet; det var det
største av alle bod for oss unge, sa han. So mykje som
vi kunde greie av det, so lukkelege vart vi sidan, so
mykje velsigning fekk vi til vaar eigen livsveg; for der
grodde rota til all vaar framtid. Og det var eit veldigt
aalvor i andletet hans den gongen han stod og brende dette
inn i oss. Eg riste det av meg dagen etter. Men no
kom det att verre enn nokon gong; eg saag baade Bruun
og orda hans, dei lyste imot meg som eg laag der vaken
og tenkte paa framtida mi. Nei livet var ikkje so lett
og greidt likevel, som eg hadde trutt. Aa, eg kom ihug
so mangt han hadde sagt — det var som det vella upp
no. Eingong hadde han tala um grækarane og likna deim
ihop med jødefolket. Han hadde lese Iliaden og
Jobs-boka jämsides, sa han. Daa hadde grækarane vorte til
ein liten vakker halvnaken barnsunge, som sprang der
sorglaus millom sol og blomar og berre leika seg, og
ikkje ottast for synd og dom og daude, ikkje meir enn
um slikt aldri fanst. Ikkje tale um andsvar, det var
gudane som greidde alt, baade vondt og godt.

Ja, detta var vakkert, tykte eg; slikt skulde livet vera.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free