- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
27

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ingen samanheng. Det braut seg fram, stykke for stykke,
som det galdt livet. Og det gjorde det mest og; for eg var
komen til det, at Gud ikkje brydde seg um meg meir —
han kunde ikkje, tykte eg. Men slikt som Bruun skyna
meg, stakkaren, daa, har ikkje menneskje skyna meg
korkje før eller sidan. Eg gløymer aldri Bruun den
stunda! Han straala midt igjenom meg med desse
gode augo sine, smilte imot meg, la handa paa hovudet
mitt, og synte meg at Gud er god og brydde seg um
meg — det var ein draum dette eg for med no, eg hadde
berre ikkje faatt sét han vel nok endaa, sa han. Det
var som ei vond natt seig av meg, langt nord og ned, og
eg kjende kor eg letna. So glad har eg mest aldri vore.
Ein varm straum for igjenom meg, eg kunde ikkje gaa,
eg maatte springe. Eg saag klaar himmel att no, fyrste
gongen kanskje sidan eg var reint liten. Og der ute i
skogen batt eg bandet att med min barndoms Gud, han
som eg hadde vore burte fraa so lenge, men som aldri
hadde slept augo av meg.

No fekk eg mot og kraft til aa skrive heim og beda
um tilgjeving for det eg hadde vore leid og ulydig mot
far og mor. Ho mor gret daa ho las brevet, so glad var
ho — endaa det var paa „tullmaalet aat Janson" som dei
kalia det — og han far skal ha sagt, at fekk Bruun ein
gagns gut av meg, so var skulen hans god, kva dei so
sa um han.

No skyna eg Bruun; eg mest saag det han sa.’

Ein blanda natur som eg er fekk mange atterslag
utover vinteren, baade av tungsinn og lettsinn. Men Bruun
hjelpte meg; eg fekk gaa inn aat honom naar eg vilde;
og han hjelpte meg til Gud med det, med alt dette sjuke,
og staalsette meg. Han var makelaus! Han er det finaste
og reinaste menneskje eg kjenner; mjuk og mild som ei
mor, einkel og klaar som ein blaa sterk himmel. Han
vart for meg det beste menneskje eg visste; og daa Jesus

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free