- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
48

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

har faatt sin Gud og bibel kjær og skal difor ikkje
plaa-gast mei ei slik bok.“ — „Hvad for sludder!" svara
presten. — Halvor Ofigsbø kom aat meg og spurde kaa vi
skulde gjera. Skulen laut slutte soframt presten fekk
fram sitt, det visste han likso godt som vi. Her var det
aa ta eit krafttak. Vi vart samde um aa skrive aat
re-gjeringa.

Eg gjekk endaa aat Brodal tvo gonger før vi skreiv,
vilde høyre um han ikkje kunde bli rimelegare. Men
han vart berre hardare og verre. Siste gongen peika han
paa døra og bad meg gaa. „Ja eg gaar nø,“ sa eg, „men
eg kjem att, og daa biir det verst for deg.“

Eg angra likevel ikkje paa desse tvo møta med
presten. Eg hadde spurt um han trudde gjenta ikkje hadde
kristendoms kunnskap nok, so han for det ikkje kunde
ta ho. „Nei slettes ikke," sa han, „hun har vistnok
hellere mer kristendomskundskab end de øvrige jeg tar
imod; men hun skal lære den reglementerede bog udenad
— det er et princip.“

— Eg greidde ut saka aat kyrkjestyret. Han som far
var, og eg som lærar var, skreiv under. — Vi fekk att
det svaret at biskopen skulde koma snart og løyse knuten.

Biskopen over Hamar stift var den gongen Halvor
Folkestad, ein bondegut fraa Telemark, tri alner høg,
med breitt klokt andlet, ein taa dei vakraste du kunde
sjaa, denne graahaara kjempa.

Han kom. Han hadde lyst til visitas. Men alle
motstandarane vaare visste kaa for. No skulde det bli
knall og fali for friskulen og Ofigsbøtrua. Dei møtte
fram, te kyrkja var sprengfull.

Før far aat gjenta og eg gjekk te kyrkje den
morgon, gjorde vi lovnaden aa staa last og brast, og vi sa
fram trua og bad Fadervaaret ihop. Det var ei
høgtidsstund eg aldri gløymer. No var vi rusta. Koma kaa
som vilde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free