- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
60

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Noregs folkeaand, og eg sidan høyrde at Moltke Moe
hadde vore paa Ringerike og lese upp og sagt at ho var
inspir er a. Naar eg hadde slike karar med meg, so —
Sanneleg, dei hadde skyna ho. I vissa — noko sant var
det. Eg hadde mest ikkje vore utor klædom eller sove
skikkeleg ei natt heile den maanen eg skreiv ho, i slik ofse
hadde eg vore — no kom eg te hugse paa det.

Men ein ting visste kje dei likevel; og det var at
det blenkte ei lita erle gjenom heile dette arbeidet: det
glade gjentebarnet som sidan vart kona mi. Ho var
mønsterbaanet for meg den gongen; ho gav meg raad og
rettleiding um ord og vendingar, ho samla brev aat meg
fraa bornom; ho hadde bede Gudfader um at arbeidet
skulde lykkast.

Lykkast hadde det verkeleg gjort. Boka fekk meir
og meir det ordet at ho las seg sjølv. Utan hjelp fraa
dei vaksne, sa dei. Var det so sant berre tvo born ihop,
so slapp dei vaksne alt bry. Og daa fekk det vera som
det vilde med dette rare maalet, hadde dei sagt.

No hadde ho vore ute i tvo upplag og skulde ut det
tredje. Daa skreiv eg ho upp att og gjorde ho mest ein
gong te so stor. Med skrift-bokstavar og ljod-„metode“,
heilt upp paa moten. No vilde eg ha teikningar og.

So søkte eg stortinget um hjelp te dette.

Ja stortinget gav hjelp. Ikkje aat mi bok serskilt,
men te ein premi, paa fire eller fem hundre kroner, for
den beste abcbok paa norskt maal, nett som
Vestmanna-laget hadde gjort før; so kunde kven som vilde skrive,
og det beste koma fram.

Boka mi hadde vore eit hastverksarbeid, med mange
pedagogiske veilor, som eg sjølv saag sidan — endaa
tefanget var taa det aller beste. Dei tri bukkane som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0062.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free