- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
62

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

lag, nittiande tusen — med nokre nye songar, og ei
mengd med fargelagde vakre bilete og barneteikningar,
slike som borna kan klippe og teikne sjølve — so einkle
er dei.

— Det som var det sermerkte for denne boka er
ikkje det at ho var so og so „god“. Men at ho fann att
vegen aat bornom, naturvegen fraa upphavet — som
borna vil gaa paa og som Gud vil dei skal gaa paa, so
lenge dei er born. Og ho jamna denne vegen, so vi
vaksne ikkje kan faa meinke deim lenger med vaare
kloke paafunn og paahitt, men lyt la livet ha sin gang,
Ho vart snøplogen som kjøyrde fyre — ingen ting anna.
No er vegen brøytt, og det vil koma og skal koma bøker
som er betre enn mi.

II. Korleis leseboka vart til.

So kjem leseboka. — Men fyrst maa eg fortelja noko
meir um den jordbotnen ho grodde upp ifraa og det
ver-laget som dreiv ho fram. Dessverre, det biir for mykje
um meg att. Men eg og desse bøkene er eitt.

Barneskulen min var fri. Eg hadde skapt og bygt
han, etter dei grunntankom eg hadde faatt paa
folkehøgskulen aat Kristofer Bruun. Og foreldra — 20
husfedrar eller kaa det var — maatte gje meg heil fullmakt
te aa stelle skulen som eg vilde. Kunde dei ikkje det
lenger, so tok dei borna sine ut or skulen. Det var
borna og ikkje anna band som batt meg og deim ihop,
og det bandet kunde dei løyse naar dei vilde. Presten,
han hadde ikkje meir aa gjera der enn koma kvar vaar
og haide eksamen — sjaa etter so „kunnskapen" vart
rett driven, i kristendom og andre læregreiner.

Te all lykke for skulen var denne presten i mange
aar ingen verre mann enn barnevenen H. Hatting. Han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0064.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free