Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Gudbrandsdølen Sigurd Blekastad var der i 1869.
Han fortalde daa han kom heim:
„Talen aat Kold er som egget aat Kolumbus. Straks
du høyrer han kan du tru det er ingenting. Setningane
er einlagde, og bileta kjem taa seg sjølv. Du kunde mest
segja dette du ög, so endeframt synest det aa vera.
Men han veks. Veks inn paa deg, inn i deg. Det
er ikkje tankar lenger, nei det er syner! Herlege —
med høg himmel og sol over. Du ser, og du lyt tru!
Ein klaar vaardag strøymer gjenom deg, og du er under
ei makt so rein og god, at du korkje kan eller vil dra
deg unda. Du har aldri kjent deg so fri og sterk
no-kon gong.
— Kold er vanskeleg aa fortelja um. Du maa høyre
han. Her kan ein segja som Bruun ein gong sa um
døyparen, at ordet er mannen. Utanfor dette er Kold
berre ein dansk bonde." —
— Grundtvig er far aat folkehøgskulen, er det sagt.
Men dette er berre halve sanninga.
Er Grundtvig far, so er Kristen Kold sanneleg mor
— den som fødde guten inn i verda og ol han upp,
gjenom fatigdom og naud, fram til det han vart. Utan
Kold veit vi ikkje korleis det hadde gaatt.
Utan Grundtvig hadde vi kanskje ikkje faatt
folke-høgskule. Men utan Kold hadde han aldri vorte til det
han vart. Han hadde i vissa aldri korne ned aat
smaa-folket og faatt slik makt til aa skapa um folkelivet som
han no fekk.
Helst vilde han vel skjeia ut til ein kunnskaps-skule,
ein klasse-skule aat storfolket. Det er den vegen det
piar gaa med mest alt Gud sender oss til folkegagn.
Nokre kloke rovdyr ranar det aat seg, og fær rekne-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>