Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
EIT MØNSTERBRUK I HARDANGER
(Fortalt av G. A.)
Eg set denne overskrifta — endaa eit mønsterbruk
kan vel ikkje eg skrive um som berre er ei ung gjente.
— Jau, kunde det hjelpe at eg er glad i jorda og naturen
so — men her skal røynsle til — meir enn den eg fekk
paa hagebruksskulen. Ja, eg har daa stelt og styrt eit lite
gårdsbruk i halvtanna aar, eg ög. Ihop med syster mi.
Og sidan eitpar hagar.
Men her vil eg fortelja um garden vaar heime paa
Helleland i Ullensvang etter det han far har fortalt meg.
Det er ikkje lite. For eg hadde den gieda aa faa stelle
han far ein heil vinter, daa vi budde tvoeine paa ein
skoggard i Eidsvoll for helsa. Daa kan det hende han
fortalde! Aa, som eg spurde! — Ja, den vinteren ihop
med ’om far vart meir for meg enn eg kan segja. Det
er den ljosaste og rikaste tid eg har levt til no.
Eg førde dagbok daa, og no tek eg henne te hjelp
for minnet.
Ein kveld spurde eg:
„Nei korleis vart du lærar far — som er so glad i
jorda?“
Han: „Det var Kristofer Bruun som gjorde det. Han
synte oss so mykje aa gjera, med born og ungdom i dette
arme landet, so eg vart reint sjuk etter aa ta fat. Eg
syntest det trongst meir enn manna-makt her, soleis som
vi var nedlarva — i dansk sprog og framand kultur —
og gjekk her og sov. Men so vart eg daa gardbrukar og,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>