Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
NORSK MAALREISING
No er det i Noreg atter dag med vaarsol og song i
skogen — so song vi. — Og vi er eit fritt folk. La oss
vera glade for det.
Men i kristendomen vaar er det ikkje dag, enno.
Og endaa mindre i norskdomen vaar. Vi har mykje aa
gjera og mykje aa rein§ke ut før vi kjem so langt. Men
morgon har vi daa, og vaar og vaarsol. Gud skje lov
for det!
Jau, for oss eldre er det no, som um tusen voner
og tusen bøner og tilsprang — som heldt paa og ikkje
vart te meir — no samlar dei seg og bryt igjenom te
heil handling. Eg veit mest aldri eg har set framöver
med gladare augo enn no. For endeleg held det paa og
syner seg at den norske ungdomen kan meir enn aa
drøyme.
Ja lit paa det: at no vil Storemannen deruppe, han
som raar for folkelagnad — at vi skal lyfte arven vaar
heil og halden, baade den fraa Harald Haarfagre i
Hafrs-Fjord og den fraa Olav den heilage paa Stiklestad — at
vi skal bli eit heilt norskt folk. Under hans merke!
Eit taa dei vissaste teikn paa dette, det er at vi held
paa og reiser uppatt tungemaalet vaart i skule og kyrkje,
te gagn for oss og dei slekter som etter oss skal koma.
„Fraa skule og kyrkje vart det teke fraa oss —
gje-nom skulen og kyrkja skal vi vinne det att i Jesu namn, “
sa gamle Landstad.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>