Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
gjorde. For blomen maa bera frukt; gjer han ikkje det
er han verdlaus. Og siær ikkje trua ut i arbeid, so er
ho daud, og verre enn inkje. Det hjelper deg daa aldri
det slag kor godt og vakkert du kjenner det og
fantase-rar og snakkar.
Og her kjem maalsaka.
Jau godtfolk — den saka har havt ei tru i fylgje
med seg so sterk, so heit og heil, at ho gav arbeidslyst
og arbeidsmot aat tvo for ein, og ho har grott og vokse
seg fram i desse 50—60 aarom gjenom flir og spott,
gjenom moburd og hat, so no staar ho her som eit lite
grønt under. Ho var den stakkars bondegjenta, maa veta,
som ikkje andre saag var rein og vakker, andre enn desse
faae som hadde faatt set inn i augo og hjarta hennar,
og saag at ho var prinsessa som hadde odelsretten te
dronninge-stolen, og at den dama som no sat her og
herska ikkje høyrde oss til.
Ja godtfolk — det var trongt og hårdt aa vera
maal-mann i desse fyrste tidene. Difor vart dei au heitande
strævarar. Du som er ung no veit lite taa alle dei glade
offer dei gjorde, desse gamle-karane som tok dei fyrste
sterke upptaka og reiste denne striden. Dei fekk baade
landsfolket og byfolket imot seg. Det verste var at
bonden sjølv vanvyrde si eiga sak, si største og beste sak.
Han maatte fyrst vekkjast te aa skyne; her fekk
folkehøgskulen eit stort arbeid. Aa lære desse unge upp te
god norsk maalføring — med munn og med penn — det
var ikkje „fot i hoso“ det, den gongen.
Men arbeidet tok dei med stor giede, det gjekk som
paa dans. Ingen stad var det so godt humør som millom
maalmennom, ingen stad so friskt arbeidsmot! Mange
takka Cud som for ei stor gaave, at dei hadde faatt set
at det var her, just her, framgangsvegen gjekk. Eg trur
ikkje nokor sak i vaart folk har havt so trufaste og so
glade tenarar. Ho hadde sanneleg ikkje gods og gull
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>