- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
102

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Og kvar finn vi ei slik rekkje med profetar og store
aander — utanför Abrahams ætt?

Dei vart ljosberarane for oss stakkars heidningefolk
fram te evig folkelykke — det er Bibelen, ikkje
natu-ralisma og vantrua som syner oss vegen te det Guds-rike
Kristus kom med, som alle adels aander har bede um
maatte koma, baade her paa jord og i himmelen.

Tru ikkje at det er dumme smaafolk som set
Bibelen over alle andre bøker. Nei dei største aander har
gjort det, og gjer det. Eg skal her berre nemne August
Strindberg, fritenkjaren som hadde vore paa alle vegar
og leita. Daa la han handa si paa Bibelen og sa:

„Dette er den einaste boka som er verdt aa lesa.
Denne held seg frisk stødt, og har stødt noko godt aa
by paa, te hjelp aat oss stakkars menneskje naar vi er i
nød. Ja dette er openberringa — det er berre um aa
gjera at vi fær augo opne te aa s jaa det som staar her.a

Eg skal ög minne um Leo Tolstoi, han som syntest
at bergpreika aat Jesus aatte meir himmelsk visdom og
menneskjeleg sanning enn alt anna han hadde funne, som
vi menneskje skriv upp og kostar sverte paa.

Eg meiner: Ver ikkje redde skriket. La oss ikkje

gjera menneskja te eit „klokt dyra — aat bornom vaare.

Dykkar uppgaave er: aa faa gjort borna te gode
menneskje.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0104.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free