Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— ja so han beint fram appelerte te denne heimekjensla
naar det galdt livet aat folket hans — i staden for aa
bruke tvang. Det er verneplikts-lova hans. Ho er
dristig, ja dumdristig, vil mange statsmenn segja — so ingen
har vaaga noko slikt sidan.
Kvar 20-aaring i Israel var vernepliktig, og skulde
møte fram um det vart krig. Naar heren daa var samla,
skulde herførarane gaa fram for fronten og segja til kvar
sitt kompani:
1. „Har nokon bygt seg eit nytt hus og ikkje faatt
vigt det inn, eller planta ein vinhage og endaa ikkje note
frukta — han gaa heim, um han vil. Ikkje maa han døy
i krigen og ein annan njote fruktene av hans arbeid.
2. Er nokon trulova, men enno ikkje gift — han
gaa heim og gifte seg og vere glad med kona si. Han
skal ikkje døy i krigen og ein annan ta kona hans.
3. Kvar mann som er rædd og hugblaut — han
skal gaa heim att! so han ikkje fær gjera andre rædde
med seg.a (5te moseb. 20.)
Sjaa for eit finskyn Moses hadde paa heimen — denne
grunnvollen for alt samfundsliv — der all god gror maa
koma fraa!
Men det siste paabodet er det merkelegaste, og det
faarlegaste. Enn um alle strauk heim?
Men gjorde dei det?
Nei. Just denne fridomen ol fram æreskjensla og
andsvaret soleis, at det vart ei skam aa nytte seg taa desse
tilboda naar fedrelandet var i faare. Minnest de kva Uria
svara, daa kong David vilde ha han heim te kona si og
gav han orlov fraa krigen? — „Arken og Israel og Juda
er i telt, og Joab og heren hans søv og ét under open
himmel — skulde eg, eg gaa heim te mi kone og eta og drikke
og ha det godt? Nei so sanneleg, det gjer eg ikkje!" Det
var aa sulke ut heltenamnet hans. Og han la seg paa
golvet i slotts-svala den natta som den førre.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>