- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
111

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

BILETE AV JESUS

Det er noko reint merkelegt med dette Jesusbarnet

— som kom her paa jorda vaar for snart 2000 aar
sidan. Ingen har grepe so djupt inn i menneskjelagnad
og menneskje-Zy’arfo som han — og endaa so veit vi
ikkje korleis han riktigt saag ut; vi har ikkje noko bilete
etter han. — Ingen har faatt slik fødselsdags-høgtid som
han — vi held jul i kvar ei hytte over heile Europa —
og endaa har vi ikkje eit bilete som segjer: slik og slik
saag han ut. Vi har gode bilete av Sokrates, Platon,
Perikles, Aleksander den store — og mange fleire taa
desse fjelltoppom i mannheimen vaar, som levde fyre
Jesus; og av romerske storfolk, slike som Julius Cæsar
og kjeisar Augustus, som levde paa same tid som han.
Ja, vi har funne att bilete av Nebudkanesar og av
egyptiske Farao’nar som levde fleire tusen aar fyre. Men
Jesus ikkje.

—Jau, den gamle kyrkja trudde daa ho hadde eit

— og det er til endaa. Eg har set det; og visst er det
vakkert!

Men det er dikta. Det skal vera reint visst at det
er dikta.

Dei har teke det venaste som fanst. Mønsteret er
den græske Zevs-støtta i Olympia. Han som gjorde ho
heitte Fidias, vel den største bilethoggaren som har levt.
Og dette var meisterverket hans. Det er fortalt at naar
folk kom innaat og saag det andletet, so datt dei paa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free