- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
114

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

beint ut um seg sjølv. Han er komen og vil føre alle
menneskje uppatt til den ære og lykke som vi er skapte
te. „Eg er vegen og sanninga og livet," segjer han.
Peter sa: Det finst ingen annan som kan berge oss. I

Jesus-Kristus-namnet skal alle kne bøygje seg: dei som
er i himmelen og dei som er paa jorda og dei som er
under jorda — naar den tida kjem.

Men dette namnet, menneskjesonen, som han var
so glad i, det gjøymer paa noko meir, noko endaa
djupare enn at han vil vera bror vaar.

De veit kva ein generalnemnar er for noko. Eit
fast tal som alle smaatal og brøkar gaar upp i. Ja, han
er generalnemnaren vaar, ja aat heile manna-ætta; det
einaste heile og fullkomne menneskje, — som vi alle
saman kan gaa upp i, finne oss sjølve att i. Han er
ikkje berre ein menneskjeson — han er „sonena, den
„einborneu. Og vi smaafolk — halte og skakke og
kryp-lingar — vi er brøkane.

Han skynar oss og hjelper oss gjenom heile alderen
vaar. For barnet er han barn, for ungdomen ungdom,
for mannen er han mann. La oss gaa lenger: han er
hellenar for Hellas-folket, europear for Europa-folkom,
ein santal for Santal-folket, ein kinesar for Kina-folkom,
ein neger for negrane.

Ein kinamann, ein neger, ein nordbu — la dei vera
so usamde dei vera vil um kva som er vakkert og godt,
stort og gildt: i honom skal alle kunna finne det dei
synest er det fagraste, det største, det beste av alt dei
veit aa nemne, av alt dei har set, tenkt og drøymt.

Difor skal det ikkje vera noko „fastu bilete av
honom. Han vil sjølv forme det ut inni oss, inn i ein og
ein av oss. — Tvil ikkje paa at vi biir samde — her.
Aanden, hans heilage Aand, syner oss han, etter som vi
mognast te aa ta imot rikdomane fraa hans usegjelege
liv, fullt taa reinleik, fagerdom og sanning.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0116.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free