- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
123

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ideelle, det mønstergode, som vi menneskje ser upp aat
og lengtar etter aa naa.

Moselova speglar detta aller klaarast. Her ser vi
mannalivet som det skulde vore levt, utan skavankar og

brester, og som det skal levast naar Gud skal like det.

Kjernen her er dei 10 boda.

Dette var ikkje turre paragrafar, maa tru, eller ei
svart sky som skulde skræme! Nei, solskinstoppar var
det, som skulde lyse for deim, og lokke og tvinge dette
folket te aa gaa høgfjellsstigen uppatt og heimatt aat deira
Gud. Les berre David. „Lova di er søtare enn
honning, finare enn det reinaste guil — eg ser paa ho natt

og dag, ho er sola mi,“ segjer han. Paa botnen saag

han overmenneskja, „den fullkomne"; og songane hans
um Messias spring ut som eldblinkar fraa det synet. —
Jesus segjer hundretal aar etter: „Ikkje ein tøddel vil eg
brigde her.“ Idealet skal staa. Vi kristne skal ta det
upp i oss og leva det, gjera det til levande menneskjeliv,
meiner han.

Nei, ingen har synt slik tiltru te oss menneskje, som
Jesus Kristus.

Der staar han ein gong og segjer beint fram at vi skal
bli like Gud! Ja høyr:

„De har høyrt det er sagt: Du skal elske din granne
og hata din uven. Men eg segjer dykk: Elsk uvenene

dykkar — velsign deim som bannar dykk — gjer godt
imot deim som hatar dykk — og bed for deim som gjer
dykk skade og forfylgjer dykk — so de kan bli borna
aat far dykkar i himmelen; for han læt si sol renne upp
over vonde og gode, og læt det regne over rettferdige
og urettferdige. Ver difor fullkomne, like eins som
dykkar far i himmelen er fullkomen."

Kan nokon tenkje seg at Jesus vilde sagt dette aat
oss, dersom han ikkje hadde trutt og visst at vi ein gong
skulde koma te aa greie det?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0125.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free