Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det er alt det herlege som manna-ætta har bore fram,
ut fraa eigne medfødde krefter; — ikkje berre i den
materielle verda, men fyrst og framst i den aandelege, — og
so desse kreftene sjølve.
La oss berre sjaa paa den gamle Hellaskulturen, med
si kunst, si dikting, si fine tenkjing — dei bora seg so
djupt inn i livsgaatone at vi reint maa undrast; vi har att
minnesmerke her som aldri vil bleikne.
Dette er straalar fraa upphavet vaart, sjølvsagt; i sin
innerste kjerne er det guddomelegt, det syner at vi er
Guds slegt. — Men vi kan dyrke det utan Gud.
Ein evig gneiste bur i oss og driv oss fram. Vi er
fødde idealistar, og himmelstormar ar. Vi vil uppatt dit
guddomen bur. Eller vi vil bli gudar sjølve.
Eg tenkjer paa den Zevs-støtta i Olympia. Dei sa
um bilethoggaren Fidias at han maatte ha vore der uppe
og kika attum duken, naar han kunde faa-til noko so
fagert og gude-reint. Skaldane song um ho, sa at her var
himmelportane opne, her straala det evige ned i det
timelege; og den som ikkje hadde set denne gudekongen her,
han hadde ikkje levt. Og folk reiste lange vegar. —
La oss no ta Sokrates. Eller Platon. I tankeverda.
Her ser vi manna-aanden, i stordomen sin, tøygje seg
etter ljoset, det guddomelege.
Men so audmjuke dei var desse kjempone, desse
kongane! Dei hadde skimta høgd paa høgd, den eine over
den andre — dei budde i den underste. Sokrates sa han
visste ingenting, mot det som var aa vita; og Platon sa,
at det verkelege, sanne, livet, det var ikkje her, men der
uppe, i idéverda.
Her heime kan vi ta ein slik som Henrik Wergeland.
Han er visst den mest fullblodige framsyning taa
menne-skjelegt aandsliv, paa alle leider, som vaart folk har havt,
i vissa i vaare tider.
Og so norsk som han var! Ja, la oss merke oss det:
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>