Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ste te det største. Og dette var openberringa for
jødefolket; paa lag som naar ein diktar skildrar det livet vi
alle kjenner og stundar etter, slikt at han fær alle
stren-gjer te aa dirre — eller som naar Hellas-folket saag
Zevs-støtta og sa at Fidias maatte ha vore paa Olympen og
set guden, naar han kunde skapa noko so herlegt.
Lova, og iser dei 10 boda, lyste hebræarfolket imøte
som openberring av deira innerste lengslor mot ei
ideal-verd.
I grunnen er desse 10 boda essensen av eit fullkome
menneskje. Dei er ei utskift av dei grunnlover som alt
menneskjeliv lyt byggjast paa, um det skal biørne og bera
gode frukter. Dei gjeld ein og ein, og dei gjeld samfund.
Strengt teke høyrer dei ikkje serskilt te kristenlivet;
dei høyrer te menneskjelivet. Der er dei moralen med
rot og topp.
Um det store fyrste bodet som Moses har støypt um
te noko heilt „nytt“, kan vi segja:
Det er menneskje-naturlegt aa tru paa det
guddo-melege.
Gudenektaren, gudespottaren, var set ned paa som
eit udyr, som „varg i veum“ hjaa alle dei gamle
kulturfolk. Baade Hellas, Israel, Rom hadde sett dødsstraff for
slike folk.
Og det fjorde bodet — som opnar dørene ut mot
verda umkring oss — um det kan vi segja:
Vaar stode te baade Gud og menneskje biir
grunn-lagt i heimen, gjenom stoda vaar te far og mor. Her
møter dette bodet fram, tek barnet i armen og segjer:
Heidre far din og mor di, at det kan gaa deg vel
og du lenge kan leva i det landet som Gud Herren har
gjeve deg.
Dette bodet er veldigt. Her heng meir enn halve
lykka vaar paa jorda. Det gjeld ikkje berre ein og ein,
det gjeld folkeferd.
A. Austlid: Salt.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>