Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
LIVSSYN OG TRU I DET GAMLE
VONHEIM
I
„Eit livssyn og ei tru maa du ha, skal du faa gjort
noko i livet og ikkje gaa trøytt" — segjer Kold, han som
skapte folkehøgskulane i Danmark.
Og eg veit ingen ting vaare lærarar meir treng no,
enn just dette . . . noko heilt, sterkt — ein brennande
aare-eld i midten som det gneistar fraa, som lyser,
ver-mer og dreg oss saman til eitt — so me ikkje fiktar i
maafaa og spiller kreftene paa ditt og datt, men arbeider
med eit fast maal for augo.
Og dette maalet kan, for høgskulelærarane i vissa,
aldri vera stubbar av fysikk, kjemi, geometri, rekning,
spraak, historie o.s.b. — aa setja deim i stand der . . .
tenk 6 maanar! — og so lata deim fara. Daa finn me
deim att — dei likaste som kultursnobb i byane og dei
andre som narrar paa landsbygda. Nei, kunnskapen biir
her aldri anna enn ei lita fatig arbeidsambod — attpaa.
Nei, nei — maalet, det store maalet aat
folkehøg-skulen, maa no som før vera aa hjelpe ungdomen fram
til eit livssyn som dei av all makt vil leva etter, syne
deim ein livsveg som dei vil gaa paa, gjeva deim
brenn-hug til aa gaa han, vekkje deim til ei uro som aldri
meir sloknar.
Det gjorde dei — i det gamle Vonheim.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>