- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
147

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det var ikkje berre Jesus, nei, Gud tok dei og ifraa
meg i barneskulen,

Baade mor mi og baanegjenta hadde fortalt um Gud
som ein god, gild mann, ein konge som hadde gjort
himmel og jord og alt vi saag, den beste og sterkaste av
alle. Dette er og den einaste maaten som born kan
faa tak i Gud paa, og kanskje vaksne med; for Bibelen
skildrar han slik. Men trur vi at Pontoppidan let seg
nøgje med noko so smaatt, so tek vi i miss. Nei, i
barneskulen fekk eg straks vita at han var eit
„ubegribeligt væsen". Og kva væsen var, det kunde læraren aldri
greida aat oss so vi skyna han; men kva ubegribelighed
var, det greidde han slikt, at vi skyna Gud var luft. „Han
er os saa ubegribelig som naar vi griber luft," sa han,
og hogg ut i lufta med neven sin. —„Men hvorav ved
vi at der er en Gud til?" spurde han etter Pontoppidan.
— Kan nokon tvila paa at han er til? tenkte eg. Jau,
var han luft, so kunde vel nokon kvar tvile. Og so tvilte
eg — fyrste gongen i mitt liv. Og sidan kom den graae
likesæla.

Ja kor mykje liv barneskulen drep her, av friskt ekte
voksterliv — det er meir enn nokon trur.

Endaa vi ser fruktene — straks dei er framslopne —
um vi berre vil sjaa. Dei fleste er ferdige med alt heilagt.
Ikkje gaar dei til alters. Teologi og dogmeridning har
drepe deim. Dei klokaste er heile og halve fritenkjarar;
og alle har faatt ei skodde over himmelen sin, som mest
aldri blir burte att meir. Hadde dei i staden faatt fortalt
kristendomen beinast etter Bibelen, truskyldigt som
barne-gjenta vaar gjorde det, og ikkje set korkje katekisme,
„forklaring" eller „bibelhistorie" — ja so hadde dei faatt nøring
til eit voksterliv.

Med kristenlæra drep vi kristendomen i bornom vaare.
Dette er det styggaste av alle kapitel i vaar folkesoga, og
skulde havt sin eigen inspirerte talsmann og skildrar, so vi

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0149.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free