- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
159

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han held paa og gaar utor mota, denne reknemaaten,
no i vaar tid. Men vi slepp ikkje unda; vi lyt nok te
aa lære’n uppatt.

Ho fortalde eingong sidan at det som gjorde ho vaaga
seg ihop med denne brennheite 20 aars studenten daa
han for og fridde, det var just dette, at ho saag han var
so glad taa alle fatige og smaafolk.

Og so vidt eg veit har ingen taa desse Krag-bonom
lide naud. Døm vart dugande folk og kom i gildt arbeid
alle. Vegdirektøren var eg ihop med ein dag i Røldal,
for 35 aar sidan. Aa, for ein kar — og so den gode
smilen naar han fortalde! — eg gløymer han ikkje. —
Ei dotter døydde i 1896. Daa hadde ho vore lærarinne
i Oslo ved katedralskulen, mange aar, og var høgvyrd
og folkekjær som mest ingen annan lærar døm hadde
havt.

Liksom Wergeland trudde Krag at det fanst ei bundi
folkekraft som skulde løysast ut, og han gjekk paa leiting
etter „bondesjenier" kaar han for. Mange flirer aat dette
no. Men det skal vi veta, at berre den som leitar finn.
Den som flirer finn ingenting.

Og Krag var ein gløgg menneskjekjennar.

Nord i Grong i Overhalden — der han var prest i
6 aar før han kom aat Vaagaa — der fann han Grøttum.

Jau, ein dag han kjøyrde framum ei hytte, høyrde han
vakkert felespel. Han gjekk inn. Ein bleik og sjuk gut
sat i ei seng og spelte; han kunde ikkje gaa. Krag henta
dokter og fekk han god att. Sidan gjekk han kaar dag
aat prestgarda og skulde bli lærar. Og han vart lærar —
ein taa dei gildaste og beste, i heile si tid. Krags aand
hadde gjort han levande. Han kom so aat Kristianssund.
Men han maatte attende aat Krag att, og vart huslæraren
hans. Og so lærar ved storskulen hans her paa Vaagaa.

Og slikt som denne presten høgvyrde den gamle
bondekulturen — og sproket vaart, og maaten vaar aa leva

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free