- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
175

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

„Ja — segjer vi — dette er framifraa gildt alt ihop. Men
kvar skal vi ta tida fraa? Vi har berre nokre og tjuge
vikor. Og paa desse vikone skal vi lære deim aa bli
norske til gagns, lære deim aa maalføre seg godt i munn
og penn, faa deim te aa bli glade i landet vaart og folket
vaart, baade dei som har levt og som levi no. Og so

skulde dei lære aa kjenne andre folk og land au–––––“

Eg staar eit korter og reknar upp alt dei skal „lære“ paa
desse 5, 6 maanane. Dei gamle smiler: „Men denne

norsken — er han so viktig? Og desse historiene, kunde
vi ikkje avle like mykje havre antan vi høyrde deim eller
ikkje? Det er no vel helst for moro skuld? Og kunde
du ikkje so ta slike timar te nyttuge ting — som høyrer
bondens stand og stilling til?“ — „Er det ein
jordbruks-skule du meiner?" spør eg litt toskute. — „Ja nettupp
det ja.“ — „Men kjære mann, du har daa fylkeslandbruks-

skulen, send guten din dit.“––––„Ja visst so, men dit

vil han ikkje paa sett og vis. Han Per, son te grannen
min var der ifjor og segjer han treivst ikkje. Og no er
det denne folkehøgskulen fyrst og sist. Eg kan gjerne
melde han inn straks; for eg slepp ikkje unda––––-“

Minst sju gonger kunde eg gjort um skulen min til
landbruksskule, vilde eg lydt fleirtalet aat, millom deim
som raar.

Og dernæst til emisær-skule. Dei „vakte" heldt
bøne-møte for oss og tala hårdt aat oss, alt um dette eine, at
skulen laut bli „heilt kristeleg". Og naar eg sa at vi song
og heldt bøn kvar morgon, fortalde bibelsoga, og trudde
paa Jesus Kristus etter vaar daaps tru, so lest dei ikkje
høyre det. — „So lenge du læt’e ungdomen din leike seg
med denne stygge folkevisedansen laurdags kveld fraa 8
til 10, og det i sjølve skulesalen, so lenge er du ikkje
gjenfødd." — „Nei nei — eg kan sagte greie meg utan
leik, og det kan visst døkk au no vi er gamle, men hugsar
døkk daa døkk sjølve var unge?" — „Aa jau du, det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0177.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free