- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
178

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men likevel — ungdomen er det som høyrer, tek
talen vaar til hjarta; vi har hundretal vitnemaal um det.
Her har vi arbeidet vaart.

II.

Kva er so denne misjonen vaar?

Grundtvig har sagt det baade med munn og penn.
Han dreiv paa og sa det i tvo mannsaldrar, før han fekk
sunge det inn i sitt folk, danskane. Kristen Kold sa det
sidan med heile sitt liv.

Men no syng dei der nede for fullt aalvor:

Langt mere værd enn det røde guld
det er sin Gud og sig selv at kjende.

Her millom oss har Kristofer Bruun sagt det, sterkare
enn nokon annan eg veit, baade paa skulen sin og i
„Folkelige grundtanker". Og dernæst Ingvar Bøhn, paa
skulen og i songane sine*). Dei har sagt oss korleis dette
arbeidet kann maatast til aat vaart folk.

Mange har drivi denne misjonen millom sine folk
lenge fyre oss. Men han heitte ikkje folkehøgskule daa.
Sokrates dreiv han i sitt folk, og namngav han gjerne
klaarast daa han kalla seg — kanskje halvt paa spøk —
jormor! „Jau, mor mi dreiv det handverket — sa han —
og eg held fram, men paammmaate: eg løyser ut sjæler;
menneske-sjæler. “

Profetane i det gamle Israel dreiv denne misjon
sterkare enn vi høyrer um i noko anna folk. Og baade
naar dei tala til folket og til den einskilde, samla dei alt
dei hadde aa segja i desse tvo store og greie taattane: aa
vende attende aat Gud og aat seg sjølve, det vil segja til
det nasjonale; daa skulde dei faa att helsa si. Alt dette

*) Norske songar og visor av Ingvar Bøhn med ei livsskildring.

Ved Anton Aure. Gunleiksons forlag, Risør 1921. Ei lita

herleg bok.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0180.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free