Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ein „barbarisk middelaldersk" dom, vil vel mange i vaar
tid segja.
— Kva segjer so Johannes, han vi kallar
kjærleiks-apostelen, som fekk sjaa djupare inn i livslovene enn
kanskje nokon av dei andre? I si Openberringsbok (21.8)
nemner han slike folk: „Eg saag–––––-Og sjaa––––
Han som sat paa kongsstolen sa:–––––-“— Dei som er
ræddhuga og vantruande–––––deira lot skal vera i sjøen
som brenn med eld og svaavel."
Dei reddhuga og vantruande er her nemnde fyrst.
So nemner han mordarar, horkarar–––––desse vi kallar
brotsmenn.
For ei snuing upp ned paa alt vi hadde tenkt! Som
ljonet kløyver skodda — kjem desse ovsterke orda fraa
honom som kjenner livet og eig det, og syner oss
san-ninga: at latskap, likesæle, ræddhug, motløyse, seg „sjølv
nemst"––––desse „pene" smaabakteriane som vi kjæler
for i hjarta vaart, dei drep oss, naar dei fær makt. Han
kunde ikkje spara oss, her, livshovdingen; han maatte
segja oss dette, han som ser kva dei veks upp til. Han
kjenner au oss — blautfisken i oss — og maa staalsetja
viljen vaar.
So biir det berre eit att — for oss som vil livet:
vera hårdføre, urædde, ikkje nervøse, gaa paa og leva det,
ja vaage alt for denne store Guds og vaar sak paa jorda!
Som han sjølv vaaga det, og læresveinane hans vaaga det
daa han hadde sagt aat deim: „Gaa ut i verda, gjer alle
folk til mine læresveinar! Eg sender dykk som sauer
millom ulvar, men eg er med dykk, ver ikkje rædde!"
Jau, vi skal vera med aa vinne verda — men utan
aa tyne sjæla vaar. Med vaar sjæl skal vi vinne verda
— det vil Kristus. Vi skal vera „saltet" i verda.
Og her har vi den andre „eggen av bibelordet", den
som lyser upp. Som skal lyse deg gjenom skodda over
jorda, og gjenom alle himlar, upp dit der kraftkjelda renn
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>