- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
189

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Her har vi lykelen til mange bolkar i Israels soga,
baade myrke og ljose. Best dei var uslare og veikare
enn alle andre, vart dei sterkare enn alle andre — naar
dei vende attende til „loven“. For daa kom sola att, med
Messias-haapet lysande der framme; dei drakk styrke av
det, og kjende at dei var eit folk av kongar og prestar,
Guds adel paa jorda, ja i ætt med Gud sjølv. Dette
gjorde deim glade og barnslege; her aatte dei heime. Aa
tapa burt dette synet var aa tapa seg sjølv.

III.

„Eit folk utan syner er vilt.“ Um alle folk gjeld dette.

La oss sjaa paa vaart folk. I dansketida tapte vi
alle syner. Det var som sola vart burte. Vi stod i villa,
utan veg og maal, utan giede, utan noko aa leva for og
samle oss um. Vi levde for dagen og vika og skrumpa
ihop; tapte sproket vaart, tapte lovsongen til Guds ære,
— ingen diktarar til aa mane upp, faae prestar til aa syne
veg. Dei stod paa preikestolen og tala um alt anna enn
Guds rike. Ein um stallforing 1ste joledag. „I anled-
ning av dagens text, nemlig at Jesus blev lagt i en krybbe,
vilde han tillade sig at tale om det fordelagtige ved stald-
fordring."

Ein annan paa 1ste paaskedag um aa staa tidlig upp.
„Hvorfor fandt man ikke Jesus i graven? Havde de
kommet to timer før, havde de visselig fundet ham.“ Og
so gav han seg til aa rekne etter, kor mykje den bonden
tente, som stod upp kl. 4 i staden for kl. 6. Ein um aa
dyrke potetor. „Der er sagt: Lykkelig den som er rig,

og dobbelt lykkelig den som haver faaet en god hustru.
Men jeg siger: Tre gange lykkelig den mand som haver
en bakke imod syd, hvorudi han kan sætte sine poteter.
Derfor siger jeg: Sætter poteter! Atter siger jeg: Sætter

poteter!" Og ein: „Naar jeg er død, er jeg død som

en bukk."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0191.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free