Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
natta og stod upp att, sterkare enn før. Dei flytte han
berre lenger fram.
Dei tvo paa vegen til Emaus — det er paa nippen
med deim. „Vi trudde at det var han som skulde løyse
ut Israel," jamrar dei. Men det skal ikkje mange ord til
fraa honom, so skin sola paa ny, klaarare enn nokon gong.
Og i avskjeds-stunda paa Oljeberget: „Herre, vil du
paa denne tid reisa upp att rikjet for Israel?" Han skjér
deim ikkje av; han viser ikkje spursmaalet burt. Han
læt det staa. „Det er ikkje dykkar sak aa vita tid og
stund, som faderen har sett i si eiga makt," segjer han.
„Men de skal faa kreftene, og gaa ut og arbeide—“
for at dette rikjet skal koma. Dei skulde setja um draumen
til arbeid. No skulde denne kjempeblomen bera frukt.
Han kunde ikkje vise draumen burt. For han sjølv
hyste draumen, sterkare enn nokon. Den siste talen han
heldt til jødefolket, enda han med desse ord: „Eg segjer
dykk: Heretter skal de ikkje sjaa meg, før de segjer:
Velsigna vere den som kjem i Herrens namn!"
Og Paulus har det same synet. Gong paa gong kjem
det fram; aller sterkast i brevet til Rom. Naar greiner
av det ville oljetre imot naturen kan potast inn paa den
ekte stuven, segjer han, kor mykje heller maa daa dei
som av naturen var ekte greiner, kunne innpota i sin eigen
stuv. Og: „Naar fullnaden av heidningane er komen
inn, so skal heile Israel bli frelst."
Dei saag ei blømingstid for mannaætta og Israels folk
var krona; og dei saag „rikjet for Israel" med Davids
trone uppattreist.
Har vi kristne godt av aa ikkje lest sjaa denne draumen
deira — um eit tusenaarsrikje paa jorda, eller sjaa han
so „aandeleg" at han biir upp i blaa luft?
Kan so vera, at læresveinane saag „rikjet for Israel"
noko jordslegt, med vel mykje av ytre glor og makt.
Iser i fyrstninga. (Den gongen han tok eit lite barn og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>