- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
222

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

andre au vitnar det same. Les um apostelen Tomas. Han
er hard som Stein — til Kristus sjølv syner seg for han.
„Min herre og min Gud,“ segjer han daa, og sig ned aat
føtom hans. Ingen apostel trudde paa det andre sa, her,
so uhyrlegt var dette for deim dg — mykje meir enn for
Garborg; med di dei hadde set han pinast og døy, og
set den livlause hamen hans etterpaa.

Dette er so enno, det. Treng eg ikkje denne trua,
nei so sanneleg um eg tek ho eller fær ho — um ho
var mykje rimelegare enn ho er. Eg kunde ta ho som
tanke og segja det er vel sant. Men som tru — som
greip inn i mitt liv og forma det — nei aldri!

Det er tvo smaa ord millom dei kristne, som maa
bli levande for meg og deg, um eg og du skal faa bruk
for Jesus Kristus uppattstaden og levande.

Det er synd og naade. Vi finn deim i Testamentet.

„Og tollmenner og syndarar heldt seg nær inn aat
honom." Ikkje berre det; men han vart beint fram kalia
venen aat syndarar.

Garborg segjer uppatt og uppatt at han var ven aat
dei fatige og smaa i samfundet — ja det skal vera visst
han baade var og er. Matæus fortel at han priser sæle
dei fatige i aanden. Det dg maa vi nok bli, anten vi er
„fatige eller rike", skal vi faa han uppattstaden og levande.
Han segjer serskilt at han kom og vilde berge syndarar
— at dei „friske" ikkje treng han, men berre dei som
kjenner seg sjuke.

Den nye naturalistiske tankegangen segjer, at likso
lite som det er nokon kulde — beint imot varme — men
berre mindre og mindre grad av varme — likso lite er
her nokon personleg djevel som styrer det vonde beint
imot det gode. Eller rettare: menneskja er sin eigen
djevel, so lenge ho ligg der nede i raaskap og ikkje har
naatt upp til vit og skyn paa sitt eige beste. Daa har
ho helvete godt nok der ho ligg, med di ho lyt lide for

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0224.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free