- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Tredje aargang. 1892 /
402

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Aa døy

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— „Ja, ja; Ungdomen —. Daa ser Dauden lei ut.“
„Trur kje du, at det er vondt aa døy?“
Eg vart forviten.
„Fortel, fortel . . . dersom du ikkje er for veik —?“
Smaasogur fraa Stallen og Drengjestova hjelpte han med aa trøyta
Tida. Eg var vel ein Gut paa mine femtan Aar elder so.
Han sat mest og tagde og høyrde paa meg; det fall han kje
lett aa tala. Han saup ofte etter Anden, og Mæle hans var uklaart
og matt. Alt i eit kremta han; men det hjelpte kje noko vidare.
Stundom var det som Tunga slog Bugt for han; Orda kom tjukke
og klissne og liksom valne; iser vikle det gjerne klabba seg for
han, naar det var Ord med mykje s i. Berre ender og Gong
kunde han livna upp; daa gjekk det lettare. Og daa vart eg glad;
for eg trudde, at no var han snart god att.
„Nei,“ svara han. Han sa det so trygt som han skulde ha
prøvt det.
„Dauden-hm,“ kremta han Morbror, „helsar paa oss rett som
det er. Hm. Eg . . , kjenner han godt. Han er ikkje faarleg.“
„Hm; lite aa fortelja. Hm-hm! — Eg hev vore i . . . Faare
for Live mange Gonger. Men det er ikkje det. Det er naar ein
kjem Dauden . . . so nære, at ein fær . . . helsa paa han —.
Daa gløymer ein aa vera rædd.
„Hm! — F}U’ste G-ongen var eg ein Gut paa fem Aar . . .
-elder meir. Eg laag paa ein Aakant . . . me budde paa Lande
daa ... og hivde Stein uti Vatne. Der var fullt av Aure-Kjøe
innmed Land; heile Flokkar stod der og gapte og glodde i det
varme Vatne; eg hadde Moro av aa — hm! skræma dei. Men
kor det no bar til: litegrand etter laag eg sjølv der nede. Og eg
totte det var godt aa liggja der. Eg laag paa Ryggen og glodde
beint upp i Luft og Himmel . . . hm; som gjenom eit blaatt Slør.
Der var so vidt og blaatt og ljost der uppe — hm; fælt vent,
totte eg.
„Det vart lettare og lettare ikring meg; meir og meir ljost.
Og mjukt. Lett. Liksom eg laag i Luft, kvilte i Luft; mjuk, lett
Luft . . . mild, rein; uendeleg klaar; og ingen annan Ting i Verda
vilde eg enn liggja der og kvila. Hm. Uendeleg vidt saag eg;
upp og ut; — gjenom berre diamantblaa Himmel, — som kvitna
burt i Ljos, bm. Gidrande, tett, tett Ljos .,. so tett, at det vart
til kvit Taake. Eit Hav av Luft og Ljos. Og midt i dette Have
laag eg og kvilte; — fælt godt.“
Han kremta og tok seg ein Slurk av Vatsglase, som han hadde
402

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:33:50 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1892/0412.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free