- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Fireogtyvende aargang. 1913 /
236

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Prisar og politik i norsk historie

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Halvdan Koht.
med tevlinga mellom adelsherrane innbyrdes; bønderne for
det meste berre fylgde herrane sine i striden.
Det var i 16de hundradaare bønderne tok til aa reise seg
paa eiga hand. Fra 1520 paa lag var det i halvtanna hundrad
aar mest ikkje eit einaste aar som gjekk av utan klager og
krav, motstand og reisingar mellom bønderne. Dei rotta seg
ihop paa tinga og vilde ikkje legge skatt; dei gjorde upplaup
mot futane og mang ein gong slo dei i hel; dei trætta med
prestane um tiend og andre avgifter og brukte baade kjeften
og nevane; dei gjorde uppstyr mot skrivarane i retten og
vilde ikkje ta imot dom av dei; dei nekta gjøre skogs-arbeid
for lensherrane, og dei jaga bergverksmennerne av bygdene;
dei vilde ikkje lyde offiserane, nåar det galdt aa gaa i krig
utafor landegrensa. Kvar einaste gong kongen eller kron
prinsen var i lande, eller kongen sende umbodsmennerne
sine hit til aa halde herredag og rettarting, so kom bønderne
med klager i haugetal imot embælsfolk og kjøpmenner, og
alt i eitt kom det utsendingar fraa dei til Kjøpenhamn og
bar fram klagene deiras beint for kongen. Embætsmennerne
paa sin kant klaga jamt og samt paa motvilje og ulydnad
hjaa bønderne; kjøpmennerne klaga for at ikkje bønderne
vilde vyrde rettane deiras. Og soleis var det saker og strid
utan stans. Daa den aalmenne landkommissjonen gjorde
den store sosial-økonomiske etterrøkjinga i bygdene 1661,
maatte han fraa bygd etter bygd melde um motstand og
upprør. I halvt-anna hundrad aar hadde det norske bonde
samfunde vore i uro og æsing, og det tyktest ikkje teikne til
fred so braatt.
Det er daa lett nok aa prove, at det var ikkje sant, det
som Ludvig Holberg skreiv i 1729, daa han lovpriste normen
nerne for at dei var «saa føielige og lydige imod Øvrigheden,
saa at man i nogle 100 aar fast ingen urolighed eller opstand
haver hørt udi samme Rige». Og likevel laag det noko sann
røynt til grunn for dette paastande. For daa Holberg skreiv,
hadde det vore ro og fred i Noreg i eit hundradaar aa rekne
for, og denne freden heldt seg endaa i meir enn treti aar.
So med ein gong loga striden upp att i 1760-aara, og denne
gongen tok han vidare sving enn nokosinne fyrr. For no
var det ikkje lenger berre einskilde bygder som reiste seg
kvar for seg; men bønderne slo seg ihop i heile landslotter,,
236

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:42:11 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1913/0244.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free