- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Fireogtyvende aargang. 1913 /
248

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Prisar og politik i norsk historie

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Halvdan Kont.
tar bondestriden til paa nytt, og han veks i lag med pris
auken hundradaare ut. Det er i hovudsaka same tilgangen
som i Frankrike bar fram til den store revolusjonen.
Men det var ein stor skilnad paa bondestriden i 18de og
bondestriden i 16de hundradaare. I 16de hadde bønderne legje
under, i 18de vann dei gong paa gong og mest i Lofthus
reisinga. Vi ser, det var ikkje berre siger for dei no heller;
borgarkapitalen fekk slaatt mykje skog og jord under seg
paa mange kantar av lande, og bønderne vart tidt skuld
bundne. Men dei synte likevel denne gongen mykje større
motstandsevne enn fyrr, og dei greidde aa verje um sjølv
stende sitt, baade økonomisk, sosialt og aandeleg.
Hadde kanskje pris-auken no vore til vinning for bøn
derne? Det ser ein ikkje minste teikn til. Tvert imot,
det er just noko av det dei klagar mest paa, dei høge
kornprisane; det var det dyre korne som mykje dreiv Loft
hus-reisinga, og det høyrer ein um i strilekrigen og.
Nei, tingen var endefram den, at bønderne stod paa
mykje sterkare grunn i 1760, enn dei hadde gjort i 1540;
dei hadde nytta dei siste hundrad aara, fredstidene, med
prisane heldt seg nokolunde jamt, til aa vinne ei økonomisk
magt som kunde berga dei i den nye striden. Ernst Sars
har rekna ut, at det i fyrstninga paa 17de hundradaare var
mykje meir enn dubbelt so mange leiglendingar som sjølv
eigarar i lande; folketeljinga fraa 1825 syner mest dubbelt
so mange sjølveigarar som leiglendingar. Det er denne um
snunaden som gjør grunnskilnaden; det er difor bønderne i
slutten av 18de hundradaare kann reise den sjølvstendige kultu
ren sin, det er det som fostrar sjølvkjensla hjaa dei, og
det er det som styrker dei til sigersstrid.
Det bli daa eit vigtigt spursmaal, koss dette umskifte i
samfundsvilkaara hadde gaatt for seg. Sars har alt for
halvhundrad aar sidan gjeve den forklaaringa som sidan
har vore aalment godkjend; han viser fyrst og fremst til dei
kongelege forordningane fraa 1684 og 1685 som sette strenge
grenser for den vinningen jordherren kunde ta av jordbruke,
og som difor gjorde det «mere og mere ufordelagtigt at be
sidde og beholde andet Jordegods end det, vedkommende
Ejer seiv brugte». Det er sjølvklaart, at skulde godsherren
bli huga paa aa selje av jorda si, so maatte det være for di
248

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:42:11 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1913/0256.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free