Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht: Prisar og politik i norsk historie
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Prisar og politikk i norsk historie.
dei fram paa stortinge i 1821 ei lov som dei hadde kridd for
alt ifraa 1814, den lova som sette alt det benefiserte godse
i lande, 9000 gardsbruk, til fals. Det vart billegt kjøp paa
jorda, og bønderne kjøpte. Tale paa sjølveigarar gjekk fram
med noko slikt som eit tusund um aare paa jamnaden; tale
paa leiglendingane minka, i 1845 var det meir enn tri
gonger so mange sjølveigarar som leiglendingar i lande.
Her er grunnlage for bondepolitikken. Ein ser det
handgripeleg for seg i sjølve fyregangsmannen, John Neer
gaard: den same mannen som førde bønderne til valsigeren
i 1832, han hadde slaatt seg fram med aa kjøpe benefisert
gods, og kjøpe det billeg. Dei laage jordprisane gjorde sjølv
stendig mann av han, og iusundtal av andre bønder sam
stundes.
Soleis har eg ført samanhengen mellom prissvingnin
gane og bondestriden heilt fram til 19de hundradaare, til
bønderne har lagt jorda og lande under velde sitt. Det er i
denne striden historia våar bli avgjord, og det har i all
historiegranskinga våar vore det store hovudspursmaale, koss
det norske folke det er: bønderne kunde vinne styrke
att til aa reise seg fritt og sterkt etter nedgangen i «danske
tida».
Wergeland og Bjørnson saag i store umriss den
grunntanken som Ernst Sars bygde det megtige historie
verke sitt paa, den tanken, at um Noreg seig ned i van
magt, for di det miste heimeadelen sin, so kunde det norske
bondefolke vekse fram til velmagt, just for di adelen var
burte. Det er ein tanke paa ein gong so einfeld og so stor
feld, so han høyrer til det største som aandslive vaart har
fødd. Og det er slik rikdom i han, so han femner yver
heile historia våar fraa den eldste til den nyaste tida,
samlar liksom heile framgangen våar i ein einaste formel.
Det er just det som gjør tanken so stor.
Eg vil ikkje her vaage meg inn paa den gamle historia
våar; ho er so altfor lite upplyst endaa ifraa den synsstaden
eg har valt meg, den økonomiske sida. Men eg vil ikkje
nekte for, at nåar eg kjem til den nyare historia, daa tykkjer
eg ikkje formelen til Sars strekk til. Eg kann sjåa det har
vore framgangshjelp for bønderne, at det ikkje fanst nokon
heime-adel i lande. Men so hadde dei framand adel og
251
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>