- Project Runeberg -  Samtiden : tidsskrift for politikk, litteratur og samfunnsspørsmål / Femogtyvende aargang. 1914 /
293

(1890-1926) With: Gerhard Gran
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Arne Garborg: Riksretten 1883—84

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

20 Samtiden. 1914
Riksretten 1883—84.
Statskup; «Kongemagti hadde brent sine Skip» alt for tvo
Aar sidan (i ei veldig Storthingsuppløysningstale) ; no kunde,
vilde, maatte ho ikkje bøygje seg; det var Urett, Usans,
Uferd aa bøygje seg for ein «Dom» som denne; det galdt
to be or not to be; for Kongsmagti galdt det Æra, for Union
og Land Live ...
Folke gjekk og heldt Pusten i desse Dagar; kva skulde
hende? Dag etter Dag gjekk. Alt var stilt. Selmer sat.
Men Bjørnstjerne Bjørnson og fleire med honom skulde
under Tiltale for Majestætsbrot. Andre uhuglege Ord gjekk:
enno sat den dømde Selmer i Regjeringsmøte! Og Kongen
og hans svenske Ministrar lagde Raader upp ura den beste
Maaten aa brjote norsk Grunnlov paa . . . Me gjekk i ei
Halvørske av Spaning.
Endeleg. Ut i Mars kom det ei Avgjerdsle. Kongen
lystra ikkje Domen. Men Hs. Maj. let Selmer i Naade faa
Avskil. Og lønte ’n for god og tru Teneste med det høgste
svenske Æreteikne : Serafimerordenen.
Aalmenn Kaldfliring og Hæding og Harm. Vinstre lo
aat den storsvenske Komedie-Utvegen; Høgre skar Tenner:
alt var tapt. Kongen var ein —. Høgsterett var baade
eitt og hitt. No fekk det vera nok; no fekk noko bli gjort;
me hadde vel Officerar; enno var her vel Menn
Retten sat. Dom etter Dom fall. Og Himmelen stod
yvi Jordi som fyrr. Ja sjølve Forfatningi stod. Og Norig;
jamvel Unionen . . .
Den store Spaningi gav seg. Sjølve Høgre beit Tennerne
ihop og manna seg upp. Med alle Domar var det ikkje Dome
dag enno. Og Kongedøme hadde si Magt som fyrr, ura det
hadde funne det klokt aa lempe seg; det baade vilde og
kunde halde fram med Striden.
At det vilde, det fekk Folke snart sjåa: «Aprilministerie»
vart utnemnt. Det var eit Riksraad som skulde vera det
gamle med nokre nye Namn, og som skulde bli sterkt ved
Hjelp ovan- og austanfraa. Alt skulde laga seg enno. Folke
vilde au snart faa Augo upp. Det galdt berre aa hava Tol
mod. Tolmod enno eit lite Bil.
Det vart Bruk for eit langt Tolmod. Og Riksrettssoga
fekk eit lite Etterspel. Men dette Etterspele var vekkjande;
Folke «fekk upp Augo» paa ein uventa Maate.
293

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 22:42:39 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/samtiden/1914/0301.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free